Den siste samen
Eg hadde lenge hatt planar om å få fransken opp på romanlesingsnivå, slik at eg kunne få tilgang til fleire spennande bøker og på sikt jobbe meg opp til det nivået der eg kan sjå franske filmar utan tekst. (Og kvifor ikkje konversere?) Planane var lause ganske lenge, men her rett før jul oppdaga eg ein roman eg tenkte ville høve perfekt som øvingsbok.Boka var Le dernier lapon (Den siste samen, berre ein fattig vokal unna Den siste kaninen) av Olivier Truc. Tanken på at ein fransk journalist busett i Sverige skulle få gitt ut ein roman med handling frå Guaovdageiadnu gjorde meg nyfiken. Jamvel om det usannsynlege skulle skje at boka skulle komme på norsk ville det ikkje ramla meg inn i halvsøvne å lese dette på bakmål. Altså var det berre ein ting å gjere. (Sidan nett den tingen var lettare sagt enn gjort, har eg skrive ein jeremiade over nettbokhandlar her).
Eg tviler litt på at boka eigenleg er god. Fordi fransken min berre er så måteleg (og litt fordi boka er prislønt, så kva veit vel eg) skal eg labbli å felle nokon smaksdom. Men om eg ikkje er stø nok i språket til agere litteraturkritikar sånn på ordentleg, fekk eg likevel mykje ut av boka, meir enn nok til at eg tillet meg å dele inntrykka her.
Eksotisk
Som eg ymta om over her, var det i utgangspunktet det eksotiske ved romanen som tiltrekte meg. Kva trudde denne franskmannen han visste om Finnmark, liksom? Heldigvis kom eg ganske fort ned på jorda. Det viser seg nemleg at eg sjøl er skammeleg uvitande på feltet.Eg meiner, eg kunne ta han på nokre få ting. Det er til dømes heilt usannsynleg at ei sørnorsk kvinne skulle møte fenomenet joik for første gong i ein lavvu på Finnmarksvidda. Men elles? Truc teiknar eit bilete av eit delt Guovdageiadnu, eit der nordmenn og særleg framstegspartistar står mot arbeidarpartistar og samar, der den samiske folkesetnaden er delt mellom sekulære og læstadianarar, og der det jaggu ser ut til å vere ei (gryande) samisk separatistrørsle.
For å nemne noko. Er det verkeleg sånn? Forfattaren ser iallfall ut til å ha internalisert den skandinaviske forståinga av kva som er høvisk mannleg framferd andsynes kvinner og kva som er overgrep, jamfør den usympatiske og franske valdtektsgeologskurken i boka og det vi hugsar av skandalen rundt Dominique Strauss-Khan.
Den skurken (ein av fleire) er elles så mykje av ein jævel at eg greip meg i å ønske at han og den norske politirasisten skulle møte ei klissete endelykt. Romanen bygger opp klare og enkle sym- og antipatiar i persongalleriet og let stort sett handlinga styre. Forfattaren held seg heller ikkje for god til å ta i bruk enkle triks som å la ein eldre onkel av den eine hovudpersonen vere ein teknologisk overraskande oppdatert gamling.
Le dernier lapon er først og fremst ein real røvarroman, men ein som kan ha særleg appell til eit nordisk publikum sidan macguffinen er ei runebomme og bakteppet for handlinga er (ein langvarig) kamp om rådveldet over ressursane på og under Finnmarksvidda.
Det romanen fortel om Guovdageiadnu er sånne ting som verkar tilforlatelege nok, men som det likevel er vanskeleg for meg å dømme om. Småbydynamikken er grei nok, men er dei etniske motsetnadane verkeleg så kvasse som det kan oppstå inntrykk av? Det spørst om ikkje det finst betre kjelder til denslags kunnskap enn røvarromanar.
Er boka verdt å lese? Njæh. Eg tipper at behovet for enkle spenningsromanar er såpass godt dekt at å skulle gje ut ei norsk utgåve av ei fransk bok er å gå ganske langt over bekken etter vatn. For min eigen del må eg jo tilstå at interessa i nokon grad var ironisk, og hadde eg ikkje rekna med franskutbytte hadde eg neppe teke meg bryet.
Vaksenopplæring
Sidan mykje av vitsen med å lese denne boka var å få praktisk nytte av henne, er det greit å oppsummere kor vellukka ho har vore som vaksenopplæring. Dommen må bli at ho har vore svært vellukka. Eit viktig mål var å få friska opp fransken og heva han til romanlesingsnivå, og det er eg på god veg til. Eg kjem stadig til å ha glede av den interaktive ordboka på kindlen, men har kjøpt dei tre første bøkene om Arsène Lupin og kjem til å ha ei fransk bok i drift til kvar tid framover.Bonusen er at eg har fått avdekt eit kunnskapshol og blitt inspirert til å prøve å fylle det. Altså jaktar eg på nye bøker å sette på leselista.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettKult - bortsett fra boken kanskje ikke høres så spennende ut. Jeg vil ha roman om de der franske gjeterne på stylter (Se QI ep xx)). En mouton noir krim på stylter.
SlettHar du lest noe av Fantomas-bøkene?
Vil også ha tips om fransk krim. Gjerne hardkokt - Clouzot møter Tati på quai des brumes - noe sånt - må foregå i Paris 1-14 arrondisement.
Har prøvd å finne Fantômas på Gallica, men utan hell. Det er ein del på gutenberg, men på engelsk. Iallfall inntil vidare går eg for ebøker, det er jo så kjekt å kunne slå opp ordet ved å markere det, og som eg sa i den andre posten er epagine.fr ei god kjelde. Har kjøpt nokre Arsène Lupin, det er 3-4 euro per stykk og i det heile tatt.
SlettForresten er ikkje boka SÅ uspennande, mot slutten blir det jo til at ein les ganske fort. Spenningstriksa funkar jo kvar gong.
SvarSlett