Romanen
Det er grunn til å tru at Booth Tarkington (1869 - 1946) i den grad han er hugsa i dag er det som forfattar av førelegget til Orson Welles' andre film. Sjeldan høyrer ein noko særleg om den øvrige (nokså omfattande) produksjonen hans, medrekna dei to andre banda i den trilogien der Ambersons er andre band.Booth Tarkington. Foto frå Wikimedia Commons. |
Dette bandet kom ut i 1918 og vart raskt både ein prisvinnar og ein bestseljar. Boka kan beskrivast som ei blanding av familiesoge og sosialhistorie, der familien Amberson går frå å vere den vesle byens rikaste og mektigaste til å bli anonyme innbyggjarar i storbyen. Parallelt med Ambersonfamiliens fall veks bilindustrien og med den byen.
På det personlege planet handlar boka mest om Georgie Amberson Minafer, einaste son og siste ledd i familien, mor hans, Isabel Amberson, og hennar ungdomskjærast Eugene Morgan. Forholdet mellom dei tre er eit kjærleikstriangel, der båe mennene elskar Isabel til fortrengsle for kvarandre, og der Isabel elskar båe mennene på eit vis som gjer at ho mister seg sjøl.
Georgie er ein bortskjemt gut som slett ikkje har planar om å gjere anna enn å leve på ein formue han ikkje har gjort det spor for å skape og knapt er interessert i å lære seg å halde ved like. Han er intenst oppteken av ære og rykte, og ser på det som skandaløst at mor hans (som på dette tidspunktet er enke) skal bli oppfatta som kjærasten til Eugene Morgan. At han sjøl er forelska i Lucy Morgan, Eugenes dotter, står ikkje i vegen for prinsipprytteriet hans.
Isabel Amberson er gjennom delar av boka gift med Wilbur Minafer, ein stødig men litt keisam mann ho valte framfor Eugene etter at sistnemnte gjorde ein faux pas som gjekk hardt ut over ein kontrabass. Sidan ho umogleg kan elske Wilbur (seier folkesnakket), gjev ho all kjærleiken til den einaste son sin og skjemmer han på det viset bort. Når ho ligg an til i mogen alder å finne lukka med Eugene bøyer ho seg for sonens vilje og reiser bort med han, og øydelegg dermed lukka for seg sjøl, Eugene og for så vidt Lucy og Georgie.
Eugene Morgan er i mangt den mannen som er årsaka til byens endring og vekst. Etter nederlaget med Isabel forlet han byen, og når han kjem att etter eit snes år er det som enkjemann med ei dotter og som bilfabrikant og industrimagnat in spe. At han er "self-made" er noko av det Georgie hatar aller mest ved han, men for alle som ikkje er urimelege er Eugene ein likandes kar, ein reflektert og storsinna type som er i stand til å sjå det gode i jamvel Georgie.
Rundt desse har romanen sjølsagt eit større persongalleri. Andre medlemmar av Amberson-klanen er overhovudet Major Amberson, Isabels (barnlause) bror Jack og like barnlause bror Sidney, som rettnok berre er til stades som kravstort fråver. Wilbur Minafer har systera Fanny, ei stakkars evig peppermøy som sjøl er forelska i Eugene Morgan, men ute av stand til å påverke han.
Det er óg viktig å understreke at romanen har sterke kvalitetar som litteratur. Mange stader kan miljøskildringane verke i overkant ordrike, men ved nærare ettersyn vert det klart at dei er viktige element i ein særs tett og velintegrert tekst. Utvalet av episodar og dialogen i dei gir eit godt inntrykk av eit handlingsforlaup på iallfall tretti år, og både miljø- og personteikningar er livlige og truverdige. Skal ein kritisere romanen, må det vere for den heller flate slutten, der Georgie og Eugene blir forsonte ved hjelp av eit medium.
Radioteaterstykket
Orson Welles (1915 - 1985) adapterte The Magnificent Ambersons to gonger; først som radioteater i 1939 (29 oktober) og så som spelefilm i 1942. Om ein skal sjå reint kvantitativt på det, er det grunn til å tru at Tarkington var ein av yndlingsforfattarane hans (og vi har for så vidt hans eigne ord for det i intervjuboka This is Orson Welles (Welles 1992), der det óg står at Tarkington kjente Welles' far og at sistnemte i nokon grad var modell for Eugene Morgan). I løpet av perioden som radioteatersjef for Mercury Theatre on the Air og Campbell Playhouse framførte Welles tre stykke etter førelegg av Tarkington, like mange som av Dickens og fleir enn av Edna Ferber.Den 21 år gamle Welles i 1937. Foto: Carl van Vechten. Frå Wikimedia Commons. |
Den som høyrte sendinga til Campbell Playhouse 22 oktober 1939 (då var stykket Liliom av Ferenc Molnar) må óg ha fått inntrykk av at Welles var glad i Ambersons. I meir enn den tida det vanlegvis tok å annonsere neste vekes stykke les Welles nærmast vellystig frå første kapittel av romanen, og det er vanskeleg å tenkje seg korleis den rike prosaen skal bli overført til eit radioteaterstykke på om lag tre kvarter.
Men det må vere lov å seie at Welles gjorde ein heiderleg innsats. Som bearbeidar av andres stoff til eigne manus var han nådelaus, og viste i svært mange høve (ja, eg har høyrt alle som er tilgjengelege, sjå denne posten, og denne andre posten, tredje post om same tema og til sist fjerde post.) vilje og evne til å skjere historia inn til beinet, finne essensen og så la dei scenene som var naudsynte få den tida og plassen som var turvande. (Jamvel om det óg finst eksempel på at materialet var for mykje sjøl for vidunderbarnet Orson Welles. Dømesvis er Huckleberry Finn, Jane Eyre og A Tale of Two Cities berre bleike skuggar av førelegga sine.)
Med dette in mente er det lett å forstå at det er radioteaterutgåva som har det minste persongalleriet. Ikkje berre er Sidney borte, det same er Fanny Minafer. Mykje av oppvoksteren til Georgie er sløyfa, og han går rett frå å vere ein ufordrageleg tiåring til å bli ein ufordrageleg tjueåring.
Det som verkeleg er imponerande er kor tett opp til romanen denne adaptasjonen likevel ligg. Miljøskildringa som eigna seg så godt til opplesning og iallfall tilsynelatande så dårleg til dramatisk framføring har likevel vore grunnlag for eit anslag som let radioteater og roman likne kvarandre. Det vesle som var av indirekte tale i miljøskildringa har fått replikkform, og replikkane har i så stor grad som råd vorte lagde i munnen på personar vi møter att seinare.
I radioteateret er ein allvitande forteljar som står utanfor soga meir av eit akseptert grep enn i filmen, og jamvel i Magnificent Ambersons finn vi ein slik. Han seier tidleg at mange i byen lengtar etter den dagen den bortskjemte Georgie skal få sin bekomst (comeuppance), og peikar mot slutten på at det har han fått, til gagns.
Filmen
The Magnificent Ambersons var den andre filmen Orson Welles skreiv og regisserte, og har i kraft av å vere ein Wellesfilm ein spesiell plass i filmhistoria. Filmskaparen Welles hadde teater- og radioteaterskaparen Welles' rykte å leve opp til (frå scenen var mellom anna ei oppsetjing av Shakespeares Julius Cæsar i moderne kostymer og den såkalte Voodoo Macbeth kjente, og nokså nøyaktig eit år før Magnificent Ambersons vart sendt på radio hadde teatergruppa hans sendt den vidgjetne oppsetninga av HG Wells' The War of the Worlds, ei sending vi med ein viss rett kan hevde er den mest vidgjetne radiosendinga i historia.), og no i ettertid kan vi seie at han lukkast.Filmplakat. Bilete: Wikimedia Commons |
Debuten som filmregissør (og -produsent og -forfattar) fekk han med Citizen Kane i 1941, og om filmen ikkje var ein umiddelbar suksess har han i ettertid blitt ståande som ein av dei aller beste filmane som finst. Diverre var Kane óg den siste filmen Welles hadde kunstnarleg kontroll over, og soga om Magnificent Ambersons er i mangt og mykje ei soge om utidig innblanding frå eit studio som febrilsk forsøkte å få noko att på ei alt for stor investering.
Filmen vart klipt ned og om etter at Welles hadde reist til Sør-Amerika for å spele inn eit par andre filmar, og for å tette dei verste hola vart nye scener spelte inn. VF Perkins (2008) har rekna seg fram til at det iallfall manglar femti minutt av Welles' film i den versjonen vi har i dag.
Likevel gir det meining å handsame iallfall det vi har som (delar av) Welles' visjon av ei filmatisering av romanen. Iallfall anslaget er i stort slik Welles hadde tenkte det, og i denne presentasjonen har vi ikkje stor bruk for så mykje meir av filmen.
I høve til radioteaterversjonen er persongalleriet utvida. Sidney og frue er stadig ikkje å sjå, men Fanny Minafer har fått ein framståande plass i soga denne gongen. Den allvitande forteljaren er med, men han held seg meir i bakgrunnen enn han gjorde i radio.
Filmen startar med forteljarens stemme mot svart bakgrunn, og når biletet tonar inn ser vi eit nokså fjernt totalbilete av Amberson-huset. Det er langt nok frå kamera til at transportmåtar får plass i biletet, og avstanden er vidare med på å forsterke inntrykket av denne delen av filmen som oversyn og innleiing. Årstidene skifter, men huset står på same plass i biletet.
Ein viktig del av miljøskapinga i romanen er skildringa av ikkje berre byen og skikkane, men óg kles- og andre moter. Her blir denne oppgåva delt mellom forteljaren på lydsida og ein skodespelar (Joseph Cotten) vi snart skal forstå førestiller Eugene Morgan på bildesida. Med ein enkel montasjesekvens klarer Welles å gjenfortelje femti sider på tre minutt (fritt sitert etter Perkins 2008), og då har han i tillegg innført ein tidleg bil som farkost for Eugene Morgan.
Georgie Amberson Minafer blir introdusert ved omtale - folkesnakket som meiner han vil bli bortskjemt - og gir straks vi får sjå han folkesnakket heilt rett. Ei scene der han som tiåring yppar til slagsmål og bed ein prest om å reise til helvete er med i samtlege tre inkarnasjonar av soga, jamvel om det føreslegne reisemålet er sensurert i radio og på film, høvesvis ved plutseleg musikk og eit brått klipp.
Ved å introdusere Georgie først etter at det har vorte antyda at det er noko mellom Isabel og Eugene har Welles rydda opp i kronologien i ei historie som uansett er fortalt retrospektivt, samstundes med at han har flytta fram romansen mellom Isabel og Eugene.
Oppsummering
Orson Welles' to adaptasjonar av same roman utgjer eit godt utgangspunkt for å studere adaptasjonsstrategiar i ulike media, samstundes som både roman, radioteaterstykke og film byr på kvar sine lesar-, lydar- og sjåargleder.Litteratur etc
Primærlitteratur
Tarkington, B.: (1918) The Magnificent Ambersons New York: Doubleday. Lasta ned som ebok frå Project Gutenberg (http://gutenberg.org)
Sekundærlitteratur
Perkins, V.F. (1999) The Magnificent Ambersons London: British Film Institute
Welles, O., Peter Bogdanovich og Jonathan Rosenbaum (1992) This is Orson Welles London: HarperCollins
Radioprogram
Welles, O. (regissør) (1939, 22 oktober) Campbell Playhouse: Liliom
Welles, O. (regissør) (1939, 29 oktober) Campbell Playhouse: The Magnificent Ambersons
Film
Welles, O. (regissør). (1941) Citizen Kane [35 mm-film] USA: RKO Pictures
Welles, O. (regissør). (1942) The Magnificent Ambersons. [DVD] Storbritannia: Universal Pictures
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.