Det er sikkert mangt eg blir ferdig med denne veka, men det er to som
kjennest signifikante nok til at eg har hug til å markere dei med litt
meir enn ein FB-status. Den eine tingen er gjennomhøyring av Don Quixote
på lydbok, den andre er vikariatet mitt som bibliotekar (det er det som
står i arbeidsavtalen) på læringssenteret på Sandefjord VGS.
Desse to tinga markerer korkje slutten på leselista eller
bibliotekkarriera mi, eg er nemleg i gang med andre bøker og eit nytt
vikariat på ein ny vidaregåande alt no. Likevel er dette eit greit høve
til å sjå tilbake, så denne posten kjem til å handle litt om (nokre av)
dei bøkene eg har lese (først og fremst) i den tida eg har hatt Don
Quixote i øyret og litt om noko av det eg har sett/lært/opplevd medan eg
har jobba på Sandefjord vidaregåande.
Bøker
Don Quixote er sjølsagt ei forvitneleg lesaroppleving i seg sjøl.
Utgåva eg høyrer på har eg skaffa gjennom Audible, og det vart nett den
boka fordi eg nyleg hadde mora meg kosteleg med Mark Twains bøker om
Tom Sawyer og
Huckleberry Finn.
Ut frå det vesle eg visste om Don Quixote frå før tenkte eg at Tom
Sawyer slik han framstår på slutten av Huckleberry Finn (forresten: dei
to av Twain høyrte eg óg som lydbok. Tom Sawyer vart nokså dårleg
framført av Dick Hill, medan Elijah Wood gjer ei makelaus opplesing av
Huckleberry Finn) har mykje sams med Don Quixote. Båe har jo fått litt
for gode idear av dei litterære vanane sine, lizm. Iallfall: Det er John
Ormsbys engelske omsetjing eg høyrer på, framført av Roy McMillan. Han
les godt, med tydelege røyster til kvar av karakterane, god bruk av
dialekt og i all hovudsak overtydande uttale av spanske ord og namn.
|
Det er mykje stygt å seie om Audible, men mykje pent óg. |
Alt då eg hadde høyrt eit par dagar fann eg at eg måtte ha komme lenger
enn alle andre som har prøvd seg på denne klassikaren. Har du nokon gong
høyrt nokon snakke om Don Quixote som noko anna ein ei bok om ein kar
som kjempar mot vindmøller? Kjem du forbi åttande kapittel (av om lag
150) har du fått med deg vindmøllene. Bibliotekfagleg er det nok likevel
kapittel seks (du
skal til side 53) som er mest gjevande, der går nemleg soknepresten og
barberen gjennom boksamlinga til Don Quixote og kasserer med hard hand.
Elles rommar boka mykje meir enn iallfall eg trudde på førehand. Særleg
dreg det seg til i andre del, når riddaren og væpnaren hans møter folk
som har lese første del av boka om dei, og mot slutten jamvel folk som
har lest ein piratversjon (eller kanskje rettare ei fanfic-utgåve) av
andre band. Reprise av
Tristram Shandy og
Jeppe paa Bierget
(for skuld dei kapitla der Sancho Panza er guvernør, som minner meg om
Jeppe i baronens seng) kjem inn på leselista etter denne.
Dei siste par dagane har eg óg lest eit par rockebøker. På to av dei ti
øvste plassane på Morgonbladets topp 100 fann vi Kjøtt med den derre
tolvaren sin og The aller værste! med
Materialtretthet. No har
det seg slik at nett Materialtretthet har blitt spelt særs mykje under
skyssing av avkom til skule og barnehage (han på åtte er glad i Dødelige
drifter, ho på fem elskar Må ha deg), så det var med stor interesse eg
las Yngve Knausgaards vesle bok (under 80 sider) om denne herlege plata.
Diverre var ikkje boka noko særleg, knapt meir enn heilt grei. Fakta og
historier har fått for liten plass og personleg forhold til skiva for
stor. Det er ingen blogg, Knausgaard, det er ei bok. Fint å få stadfesta
at Madness hadde vore inspirasjonskjelde, då.
|
Kjøttboka var betre enn Materialtretthetboka, men handla ikkje om plata med det mest ikoniske omslaget |
|
Då var det heldigvis annleis med Bernt Erik Pedersens bok om
Kjøtt.
Den drevne musikkjournalisten har nok mykje pent å seie om plata, men
veit at det er bandet og musikken som er det interessante her. Analysane
av det lyriske innhaldet i låtene er litt over middels, medan det
historiske stoffet er veldig bra, veldig fascinerande. Med tanke på
Inger Margrethe Gaarders lærebøker i kristendomsfaget burde det ikkje
vere sjokkerande at den mest talentfulle sonen hennar, Helge, kom frå
ein såpass kristen heim at han hamna i ten sing-rørsla, men ikkje berre
opplyser Pedersen om dette, han har utfyllande bakgrunnsstoff som tyder
på at dette ikkje var ein unaturleg start for ein avantgarde-rockar. At
Michael Krohn har henta lyrisk inspirasjon frå Øystein Sunde var
definitivt meir av ei overrasking enn at han er glad i Ramones.
Det aller beste med boka er likevel kor sterkt forfattaren går i rette
med Trygve Mathisens irriterande historiske gjennomgang av den norske
pønkescena,
Tre grep og sannheten. Myteskapinga TM driv med der
er så eklatant at ein hadde venta betre frå Jack Black-karakteren i
School of Rock. Pønken var opprør og musikken fram til pønken var så
keisam atte bare hjælp, pønken representerer berre brot og på ingen måte
kontinuitet. Pedersen viser at dette biletet er altfor unyansert i det
han viser til dømesvis Dag F. Gravems historiske forsking. Hurra!
|
Denne boka har komme med mange omslag, dette ser det ut til å vere Rune Johan Anderson som har teikna. |
Vidare har eg (endeleg) lest
Egalias døtre av Gerd Brantenberg. I
løpet av dei tre månadane eg var norsklærar rakk eg å bruke første
kapittel av denne romanen i undervisninga, og eg trudde jo ærleg talt eg
kjente boka ganske godt. Og det gjorde eg forsåvidt, men eg hadde inga
aning om kor grundig og heilskapleg romanen/satiren/analysen var. Når
boka startar med språket (kvinnesker, dam istf. man osb) er det for å
venje lesaren til korleis språket i romanen funkar like mykje som for å
understreke det fundamentale i at språket styrer korleis vi tenkjer om
kjøn og i grunnen alt anna. Særleg genialt er det likevel korleis
Brantenberg konsekvent viser at det vi er vane med å sjå på som
naturlege følgjer av biologiske skilnader ikkje er stort meir naturleg
enn eit samfunn der kjønsrollene er dei motsette av dei vi spelar ut dag
ut og dag inn. Lesinga var rett og slett ein sann svir, og eg blei ein
god del klokare. Eg har i alle år rekna meg som feminist, men no har eg
ei djupare forståing av kvifor eg er det. Lest på Bokhylla.no, ein
nettressurs eg blir meir og meir glad i for kvar dag som går.
|
Kaffislabberas, der altså, |
Dessutan fann eg ei oppskrift på eplepai på side 167. Litt mangelfull
med tanke på mengd og temperatur og slikt, men neimen om ikkje dette gir
ide til ein matblogg. Nasjonallitterær bakeblogg eller sånn? Hmmm...
Litt fantasy har det óg vorte parallelt med Don Quixote. Siri Pettersens
Odinsbarn
hadde eg starta på for lenge sidan, men det tok ein togtur på eit
par-tre timar å verkeleg komme i gang. Om det er mi eller boka si skuld
skal vere usagt, men for min del verka det ikkje å lese eit kapittel
eller to på senga kvar kveld. Først etter sånn 150-200 sider vart det
nok fart i sakene til at boka rett og slett vart vrien å legge frå seg.
(Det hjelpte sjølsagt å følgje forfattaren på Twitter og Goodreads, ein
torer knapt anna enn å lese ferdig bøkene når den som har skrive dei er
spent på tilbakemelding. Ny røynsle, det der.) No gler eg meg til neste
bok, eg som alle andre.
Derimot lurer eg på å gje opp før eg er halvvegs i andre bok om Loric Legacies.
I Am Number Four
var lettlesen, men litt vel fluffy. Når folka berre kan trylle seg ut
av problema spelar liksom ikkje logistikken rundt vanskane deira så stor
rolle lenger, og då kan det i grunnen vere det same med heile greia.
Ein annan nedtur var
Busemannen av Knut Nærum og fire andre
forfattarar. Ja, eg flirte (og flirer stadig) av tanken på
Undervannsbirken (med start på Rena og målgang i Sarpsborg), og å sende
dykkartroppen frå Røros med buss for tog for helikopter verka jo
unekteleg litt tungvint. No er nok målgruppa lesarar som faktisk har
teke seg bryet med å lese Jo Nesbø (og det har ikkje eg), men eg har
ikkje lese Dan Brown heller og flirte nok åtti prosent av tida medan eg
las
Madonnagåten av tre av dei same forfattarane.
Karriere
(Sidan det ikkje først og fremst er jobben eg har ein blogg å synse
lettvint om blir dette ikkje så veldig langt. Eg ville berre markere
dette med meir enn ei facebookoppdatering, som sagt var)
Ja, det er jo ikkje karriera mi som går mot slutten (insj allah). For å
vere heilt ærleg kjenner eg det (endeleg) som om eg er i gang med ei
slik ei no som den første ordentlege bibliotekjobben min ebbar ut og eg
er halvvegs i bibliotekarutdanninga. Heldigvis er eg i gang med eit nytt
vikariat allereide, slik at vemodet eg kjenner ved å vere på veg ut av
læringssenteret på Sandefjord VGS er dempa av spent forventning og
pågangsmot i den nye jobben.
I løpet av vikariatet har eg lært ein heil masse i tillegg til at eg har
fått stadfesta ein del oppfatningar eg hadde på førehand. Dei daglege,
praktiske gjeremåla får ein jo som (fjern)student ikkje det heilt faste
grepet på, så eg har hatt stor nytte av månadane her. Det som står
sterkast når eg no er på veg ut er likevel den store gleda eg har hatt
av denne tida. Eg skal avgrense meg til å nemne tre ting særskilt:
|
Her ser vi a:
utsikta frå skranken, b: ryggen til ein elev og c: ein av dei
mangslungne arbeidsoppgåvene ein har i eit læringssenter. |
For det første har den kollegiale felleskapen på læringssenteret vore om
lag så heilmaks som ein kan håpe på. God tone, fin fordeling av
arbeidsoppgåver og bra med tillit til den nye fyren har gitt meg ideal å
strekke meg etter når det gjeld kollegial framferd.
For det andre har det vore ei stor glede å ha med elevar å gjere, særleg
sidan eg har hatt høve til å hjelpe dei med oppgåver dei har blitt
tildelt av andre framfor å måtte be dei gjere ting dei kanskje ikkje var
så veldig ivrige etter å halde på med. Også så moro det er når unge
folk plutseleg blir hekta på lesing eller går frå å berre skrive dikt
til å lese dikt óg!
For det tredje og pretensiøsaste: å kassere bøker blir meiningsfullt
både på det personlege planet og langt ut over det når ein kan vende seg
til hyggelege folk i Nasjonalbiblioteket for å tilby utgåtte dokument
eit nytt liv i depotbiblioteket og soleis bidra til nasjonens medvit og
minne.
Nemleg. I den nye jobben er eg pt i gang med omfattande rutineoppgåver
og må passe meg for ikkje å bryte ut i song og forstyrre dei andre. Det
er jaggu gildt å vere på rett hylle, folkens!