søndag 9. februar 2014

Lagnaden eller berre ein timeavtale? Bokmålskurs leksjon 4

Sidan det gjekk så bra å skrive ein post om ord og uttrykk som forvirrar bokmålsbrukarar, fleskar eg til med eindå ein. Denne gongen blir det færre grammatiske fagtermar, sidan det er eit semantisk problem de ser ut til å ha.

Det dreiar seg om skilnaden mellom to verb somme tydelegvis har lett for å blande saman. Nokre bokmålsfolk meiner visst dei høyrest like ut, men dei tyder to såpass ulike ting at det er verdt å gå gjennom det her. Verba er dei refleksive innfinne seg og avfinne seg


Som i dømet med ikke nødvendigvis / nødvendigvis ikke er det ein bestemt feilbruk som er framherskande. Folk seier at den eller den har *innfunnet seg med det eine eller det andre. Målet med denne posten er å få dei til å slutte med det, og det skal vi få til gjennom enkle forklaringar.

Å innfinne seg er å møte opp. Typisk møter ein opp ein stad etter innkalling, og ein kan soleis innfinne seg på tannlegekontoret eller på sesjon eller sånn.

Å avfinne seg med noe er å godta det, og det ein typisk må avfinne seg med er lagnaden eller omstende ein ikkje rår over.

Verre er det ikkje. Vi tek like godt eit døme på korrekt bruk av båe to:

Selv om brevet fra Vernepliktsverket ga ham en annen beskjed enn den han hadde håpet på, hadde Lars bestemt seg. Han avfant seg med skjebnen og innfant seg nyvasket på Terningmoen til avtalt tid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Alle er hjarteleg velkomne til å kommentere, så lenge dei ikkje er uhøflege eller veldig usaklege.