- visst om det før lanseringsdato
- importert ferdige postar til katalogen ved eit skulebibliotek
- gitt uttrykk for ebokentusiasme i samtalar med kollegar.
På Shakespeares føde- og dødsdag, verdas bokdag og St. Georgs dag vart utlån av ebøker frå folkebiblioteka (og VGS-biblioteka) i Vestfold endeleg lansert. Lånarar med nettbrett eller smarttelefon som køyrer Android eller IOS (ikkje windows, iallfall ikkje førebels) lastar ned appen ebokbib, loggar inn med lånarnummer og pinkode, på same vis som dei loggar seg inn på nettstaden til det lokale biblioteket for å administrere lån, reservere bøker osb.
Nesten tilfelleleg side. Merk at ein kan låne ledige bøker, reservere dei som ikkje har ledige "eksemplar" eller lese bøker ein har lånt. |
Det fekk eg ikkje til fordi tenesta tydelegvis ikkje var i gang enno, og utover dagen stoppa appen stadig vekk utan at eg fekk lånt noka bok. Eg vel å tru at dette skuldast den folkelege entusiasmen og gleda over tilbodet, og er soleis glad heller enn trist. Utpå kvelden får eg dessutan lånt Martha Breens bok Født feminist, og då er iallfall alle vonbrot blåste bort.
Stjernekast fire frå meg! Klikk på biletet for å gå til den stutte omtalen min på goodreads. Og bli ven med meg der! |
Det som er kjekt: Eg kan låne ei nokså ny bok utan å måtte gå på biblioteket (eller "jobb", som mange kallar det) eller i bokhandelen, og sidan eg har med meg mobilen overalt, kan eg i prinsippet lese overalt. Ebøker er VELDIG kjekke og praktiske, så eg vil understreke at berre det at dei er tilgjengelege veg opp for mangt ein kunne ønske var (litt) betre.
Det som er mindre kjekt: Eg kan, så vidt eg ser, ikkje søke i boka. Den største personlegdomsforandringa eg har gjennomgått etter at eg tok til å lese e-bøker er at eg stundom lurer på koss vi klarte oss før bøkene var søkbare. Ebøker som ikkje er søkbare er mindre tess enn dei kunne vore.
Vidare verkar ikkje fotnoter, og dette er ganske alvorleg. Martha Breen si bok er full av samvitsfulle kjeldetilvisingar, nokre av dei med innsiktsfulle kommentarar. Notetilvisingane ser ut som hyperlenker, men den einaste måten å komme fram til dei på er ved å "bla" fram til dei "bakarst" i "boka". Eg reknar med at dette vil bli fiksa ganske snart?
Eg må tilstå at medan eg las lurte eg litt på tilbakelevering. Det er lite i retning av menyar rundt i appen, under lesing kan ein justere bakgrunnsfarge og skriftstorleik, men det er i grunnen det heile. Då eg var ferdig med boka, synte det seg at "levering" var elegant ordna: Ved siste side vart eg spurt om eg ville levere boka og gje henne eit stjernekast.