Prøvde storify, som let meg embedde tweets og postar frå andre sosiale medium. Og embedde heile sulamitten her:
tirsdag 1. desember 2015
onsdag 25. november 2015
Ti bøker til!
Det har jo på mange vis vore moro å blogge om tjue bøker i slengen, men sidan eg ikkje på noko vis er framand for å prøve noko nytt, gjer eg eit forsøk med å avgrense det til ti. Her er grafisk presentasjon:
Som eg skreiv sist har eg i det siste teke med meg ein del teikneseriar frå skulebiblioteket eg jobbar på for å få betre plass i hylla ikkje berre på kort sikt, men for å gjere meg såpass kjent med dei at eg på lenger sikt kan gjere ein innsats for å auke sirkulasjonen av dei. Død og levende av Jason eignar seg neppe som del av lesestimuleringstiltak, men det er jo ingen grunn til å ikkje tilrå henne til kos. I nett denne boka legg Jason seg svært tett opptil eit filmatisk uttrykk slik det såg ut før 1928, i det at den sparsame dialogen er plassert i mellomtitlar istf i snakkebobler. Dette har jo artige implikasjonar for forhaldet mellom film og teikneserie, i det det tillet ein å tenkje på snakkebobler som eit slag teikneseriens synkronlyd. I tillegg til at det er ei skeiv kjærleikshistorie frå midt i ein zombieapokalypse.
Det er lenke til førre bloggpost i avsnittet over. Der skreiv eg óg litt om krafta i historiske romanar og om kor skuffa eg blei over ein Elizabeth-biografi som heldt seg innafor den vesle hofbobla og dermed blei utruleg uinteressant. Well, A Burnable Book er ein historisk krimroman som iallfall ikkje avgrensar handlinga si til hoffet. Personane (Geoffrey Chaucer og John Gower, mellom andre) er verkelege nok, men kriminalintrigen er Bruce Holsingers eige påfunn. Handlinga går føre seg mot slutten av 1300-talet, i høgmellomalderen i London og nabobyane Westminster og Southwark. Den brennbare boka i tittelen gir seg ut for å vere eit profetisk skrift som er knytt til eit komplott for å myrde kongen. Ikkje småtteri, og det ser ut til at det først og fremst er horene i Southwark og London som kan berge kongen. Som ein kan tenkje seg er det ikkje fritt for sleaze i denne på mange måtar truverdige (innmari grundig researcha iallfall) forteljinga. Det alvorlegaste eg har å kritisere boka for er eit forteljegrep som ikkje fungerer så veldig godt. Det er greit nok at hovudpersonen John Gower og ein allvitande forteljar vekslar på å føre ordet, men den tredje forteljaren, hen som startar med å late som hen fortel eit eventyr, er meir irriterande enn eggande. Simon Vance les greit nok, men Simon Slater hadde lese svært godt. Eg sparar den neste boka (The Invention of Fire) litt til, men kjem til å høyre henne med stor interesse. Forresten kan du lese tweets på middle English frå Geoffrey Chaucer sjæl: @LevostreGC
Den første Maigret-boka mi, Maigret og mannen på benken, representerer på eit vis ein kapitulasjon. Eg hadde tenkt å lese desse på fransk, men sidan det er iallfall trekvart hundre bøker å ta av kunne eg jo godt ta somme av dei på norsk. Trass i at Storytel marknadsfører henne som den første i serien er ho ei av den siste halvparten bøker Georges Simenon skreiv om den piperøykande politifullmektigen. Dersom denne boka er representativ har eg framfor meg ei rad krimbøker med fiffig uttenkte brotsverk og etterforsking som får med seg litt av kvart av daglegliv og tristesse mellom jamne pariserar. Eg kjem heilt sikkert til å lese nokre til, om det neppe blir alle saman.
Og når det gjeld pulp: Den eine sakprosaboka i denne låge stabelen er ei fransk coffeetablebok om den italienskfødde illustratøren Gino Starace, l'illustateur de Fantômas. For mitt vedkommande var denne boka ei kjelde til mange av dei flotte omslaga til Fantômas-bøker, men her var óg mykje anna gildt, for eit norsk publikum er nok bøkene om Rocambole mellom dei mest kjente Starace leverte omslag til. Mykje moro!
Det er eit par barnebøker i haugen óg, den eine av vinnar av Nordisk råds pris for litteratur Jon Fosse. Kant er ei søt lita bok der førstepersonforteljaren er ein gut på åtte som ligg og ikkje får sove. Eksistensiell undring vekslar med berøringsangst for dei store spørsmåla, men heldigvis har han både Donald og pappa. Illustrasjonane av Roj Friberg er om lag halve poenget med boka, som ligg på bokhylla.no.
For ikkje SÅ forbanna lenge sida spurte ein ven meg om tips til krimbøker á la Tome Egeland og Dan Brown. Les heller Chandler, sa eg, men la raskt til at eg hadde late meg fortelje at Gert Nygårdshaugs bøker om Fredric Drum var god knall. Så då eg såg ein annan bibliotekar tilrå dei på generelt grunnlag tenkte eg det var på tide å finne ut på eiga hand om det var verdt å lese. Heldigvis hadde eg bestemt meg for å gje serien meir enn ei bok til å innfri, for Honningkrukken likte eg ikkje i det heile. Alt for lange strekk av prosaen var flat og fantasilaus og helten framstod litt for ofte som om han rett og slett ikkje var den spissaste blyanten i guds pennal. Javel, løysinga på gåten var herleg grotesk, men boka som låg rundt var ikkje for meg. Då gjekk det betre med Jegerdukken. Endeleg forstod eg at det ikkje var meininga at ein skulle ta dette på alvor. Fredric Drum er ein litterær helt som høyrer heime i motsett ende av det tjuande hundreåret, sånn tida rundt første verdskrigen. Han er meir av ein doktor Jonas Fjeld, ein Arsène Lupin eller Raffles. Tidsmessig er den nærmaste slektningen hans truleg Jang-Tse Lyse, modellskreddar og levemann. Det avgjerande hintet var at han flyttar frå pensjonat til pensjonat. Straks eg hadde forstått kva innstilling bøkene er skrivne med, hadde eg større glede av dei. Dødens Codex var ikkje heilt jamgod med Jegerdukken, men Det niende prinsipp var betre igjen, særleg mot slutten. Etter fire bøker er eg stadig ikkje forelska i lesinga til Helge Winther-Larsen, men ein kan venje seg til det meste.
To rockebøker i strekk! Den eine lånte eg på ebokbib fordi ho merkeleg nok hadde ledige "eksemplar", den andre er halvparten av dei bøkene twitterprofilen +Øyvind Greve lånte meg så eg skulle få lest meg opp på black metal. Dette er det eg skreiv om bøkene på Goodreads.com:
DumDum Boys - En vill en by Sindre Kartvedt
My rating: 3 of 5 stars
Eg likte denne boka langt betre enn eg har likt å høyre på bandet dei siste mange åra. Oral history-formatet fungerte betre i denne boka enn i Josh Frank og Caryn Ganz' bok om Pixies Fool the World: The Oral History of a Band Called Pixies, truleg fordi Sindre Kartvedt for det første hadde fått snakke med alle som på noko tidspunkt har vore med i bandet (Kim Deal er ikkje intervjua i Pixiesboka) og for det andre ikkje har snakka med så mange som ikkje har vore aktivt involverte. At mange røyster slepp til gjer det vanskeleg å skjule at sparkinga av Persi Iveland var ei rotete affære med grumsete årsaker. Kanskje er det óg her ein tydelegast ser behovet for innspel frå nokon som såg det frå utsida? Vidare har eg personleg støtt rekna Roger "fingern" Valstad som skurken (i den grad ein kan bruke eit slikt uttrykk) i soga om dette bandet. Eg har alltid meint at han temja dei i for stor grad, pakka dei energiske låtene inn i vatt og vatna dei ned (skal kutte metaforane snart) til noko altfor snilt. Etter å ha lese denne boka sit eg att med inntrykket at bandet neppe hadde hatt den suksessen dei har hatt utan inputen frå Valstad, samstundes som eg med ei viss tilfredsheit registrerer at eg har hatt litt rett og at andre har meint det same som eg.
Piratliv: Musikkbransjen backstage by Anders Odden
My rating: 2 of 5 stars
Har lese denne delvis parallelt med Dumdumboka, og må seie at oral history-formatet er betre enn lausrivne einmannsmemoar. Den første delen var nok heilt sikkert den mest alment interessante, for meg var det gøyaste med siste halvpart å få sjå åssen det hadde gått med +Audun Stengel, som eg hugsar som ung og lovande tensing-gitarist og halvhjarta speidar i 5. Hamar KFUM. Eg ser lett for meg at det finst fleire hundre lesarar som vil få liknande ut av boka, men det spørst om ikkje ei FB-oppdatering hadde gjort same nytten.
View all my reviews
Og til slutt ei barnebok til: Bjørn Ingvaldsen har skrive mange bøker for barn. Den nyaste heiter Ikaros Olsens kamp for å nå toppen : Nissekrigen. 9-13-åringar som les denne (eller får henne lesen for seg, eg har planar om å få til noko i selskap med tiåringen) får den bisarre historia om Ikaros Olsen som bor i tredje kjellar med dykkarbestefaren og har ambisjonar om å kjempe seg opp til toppen. Det er ei historie om venskap og utfrysing, om makt, pengar, samhald og klassekamp. Vågar eg å seie at Ole Lund Kirkegaards ånd sviv over boka? Ja, det vågar eg, men skundar meg å seie at dette ikkje er nokon Gummi-Tarzan, men si heilt eiga bok. Noko i tittelen gir meg inntrykk av at det kjem til å komme fleire bøker om Ikaros Olsen, og det hadde på ingen måte vore meg imot.
Klikk på bildet for løpande oppdatering eller bli vennen min på Goodreads |
- Berre ein teikneserie
- To barnebøker
- Veldig mykje bakmål: Sju bøker! Ein kvar på fransk, engelsk og norsk
- Tre sakprosabøker, to av dei rockebøker
- Fire lydbøker, alle på den eine eller den andre måten krim
- Minst fire er del av minst tre ulike seriar
Som eg skreiv sist har eg i det siste teke med meg ein del teikneseriar frå skulebiblioteket eg jobbar på for å få betre plass i hylla ikkje berre på kort sikt, men for å gjere meg såpass kjent med dei at eg på lenger sikt kan gjere ein innsats for å auke sirkulasjonen av dei. Død og levende av Jason eignar seg neppe som del av lesestimuleringstiltak, men det er jo ingen grunn til å ikkje tilrå henne til kos. I nett denne boka legg Jason seg svært tett opptil eit filmatisk uttrykk slik det såg ut før 1928, i det at den sparsame dialogen er plassert i mellomtitlar istf i snakkebobler. Dette har jo artige implikasjonar for forhaldet mellom film og teikneserie, i det det tillet ein å tenkje på snakkebobler som eit slag teikneseriens synkronlyd. I tillegg til at det er ei skeiv kjærleikshistorie frå midt i ein zombieapokalypse.
Bilde frå forlaget, utan å spørje |
Det er lenke til førre bloggpost i avsnittet over. Der skreiv eg óg litt om krafta i historiske romanar og om kor skuffa eg blei over ein Elizabeth-biografi som heldt seg innafor den vesle hofbobla og dermed blei utruleg uinteressant. Well, A Burnable Book er ein historisk krimroman som iallfall ikkje avgrensar handlinga si til hoffet. Personane (Geoffrey Chaucer og John Gower, mellom andre) er verkelege nok, men kriminalintrigen er Bruce Holsingers eige påfunn. Handlinga går føre seg mot slutten av 1300-talet, i høgmellomalderen i London og nabobyane Westminster og Southwark. Den brennbare boka i tittelen gir seg ut for å vere eit profetisk skrift som er knytt til eit komplott for å myrde kongen. Ikkje småtteri, og det ser ut til at det først og fremst er horene i Southwark og London som kan berge kongen. Som ein kan tenkje seg er det ikkje fritt for sleaze i denne på mange måtar truverdige (innmari grundig researcha iallfall) forteljinga. Det alvorlegaste eg har å kritisere boka for er eit forteljegrep som ikkje fungerer så veldig godt. Det er greit nok at hovudpersonen John Gower og ein allvitande forteljar vekslar på å føre ordet, men den tredje forteljaren, hen som startar med å late som hen fortel eit eventyr, er meir irriterande enn eggande. Simon Vance les greit nok, men Simon Slater hadde lese svært godt. Eg sparar den neste boka (The Invention of Fire) litt til, men kjem til å høyre henne med stor interesse. Forresten kan du lese tweets på middle English frå Geoffrey Chaucer sjæl: @LevostreGC
Den første Maigret-boka mi, Maigret og mannen på benken, representerer på eit vis ein kapitulasjon. Eg hadde tenkt å lese desse på fransk, men sidan det er iallfall trekvart hundre bøker å ta av kunne eg jo godt ta somme av dei på norsk. Trass i at Storytel marknadsfører henne som den første i serien er ho ei av den siste halvparten bøker Georges Simenon skreiv om den piperøykande politifullmektigen. Dersom denne boka er representativ har eg framfor meg ei rad krimbøker med fiffig uttenkte brotsverk og etterforsking som får med seg litt av kvart av daglegliv og tristesse mellom jamne pariserar. Eg kjem heilt sikkert til å lese nokre til, om det neppe blir alle saman.
Og når det gjeld pulp: Den eine sakprosaboka i denne låge stabelen er ei fransk coffeetablebok om den italienskfødde illustratøren Gino Starace, l'illustateur de Fantômas. For mitt vedkommande var denne boka ei kjelde til mange av dei flotte omslaga til Fantômas-bøker, men her var óg mykje anna gildt, for eit norsk publikum er nok bøkene om Rocambole mellom dei mest kjente Starace leverte omslag til. Mykje moro!
Cravate de chanvre er eit slips av hamp. |
Det er eit par barnebøker i haugen óg, den eine av vinnar av Nordisk råds pris for litteratur Jon Fosse. Kant er ei søt lita bok der førstepersonforteljaren er ein gut på åtte som ligg og ikkje får sove. Eksistensiell undring vekslar med berøringsangst for dei store spørsmåla, men heldigvis har han både Donald og pappa. Illustrasjonane av Roj Friberg er om lag halve poenget med boka, som ligg på bokhylla.no.
Har ikkje spurt forlaget om lov, men nyttar høvet til å peike på at det der med Skarphedin Olsen er jug. Han er ikkje med før i femte bok. |
Frå bokhandel. Har ikkje spurt. Ingen Skarphedin Olsen her, men han kjem i neste bok, Cassandras finger. |
To rockebøker i strekk! Den eine lånte eg på ebokbib fordi ho merkeleg nok hadde ledige "eksemplar", den andre er halvparten av dei bøkene twitterprofilen +Øyvind Greve lånte meg så eg skulle få lest meg opp på black metal. Dette er det eg skreiv om bøkene på Goodreads.com:
DumDum Boys - En vill en by Sindre Kartvedt
My rating: 3 of 5 stars
Eg likte denne boka langt betre enn eg har likt å høyre på bandet dei siste mange åra. Oral history-formatet fungerte betre i denne boka enn i Josh Frank og Caryn Ganz' bok om Pixies Fool the World: The Oral History of a Band Called Pixies, truleg fordi Sindre Kartvedt for det første hadde fått snakke med alle som på noko tidspunkt har vore med i bandet (Kim Deal er ikkje intervjua i Pixiesboka) og for det andre ikkje har snakka med så mange som ikkje har vore aktivt involverte. At mange røyster slepp til gjer det vanskeleg å skjule at sparkinga av Persi Iveland var ei rotete affære med grumsete årsaker. Kanskje er det óg her ein tydelegast ser behovet for innspel frå nokon som såg det frå utsida? Vidare har eg personleg støtt rekna Roger "fingern" Valstad som skurken (i den grad ein kan bruke eit slikt uttrykk) i soga om dette bandet. Eg har alltid meint at han temja dei i for stor grad, pakka dei energiske låtene inn i vatt og vatna dei ned (skal kutte metaforane snart) til noko altfor snilt. Etter å ha lese denne boka sit eg att med inntrykket at bandet neppe hadde hatt den suksessen dei har hatt utan inputen frå Valstad, samstundes som eg med ei viss tilfredsheit registrerer at eg har hatt litt rett og at andre har meint det same som eg.
Piratliv: Musikkbransjen backstage by Anders Odden
My rating: 2 of 5 stars
Har lese denne delvis parallelt med Dumdumboka, og må seie at oral history-formatet er betre enn lausrivne einmannsmemoar. Den første delen var nok heilt sikkert den mest alment interessante, for meg var det gøyaste med siste halvpart å få sjå åssen det hadde gått med +Audun Stengel, som eg hugsar som ung og lovande tensing-gitarist og halvhjarta speidar i 5. Hamar KFUM. Eg ser lett for meg at det finst fleire hundre lesarar som vil få liknande ut av boka, men det spørst om ikkje ei FB-oppdatering hadde gjort same nytten.
View all my reviews
Og til slutt ei barnebok til: Bjørn Ingvaldsen har skrive mange bøker for barn. Den nyaste heiter Ikaros Olsens kamp for å nå toppen : Nissekrigen. 9-13-åringar som les denne (eller får henne lesen for seg, eg har planar om å få til noko i selskap med tiåringen) får den bisarre historia om Ikaros Olsen som bor i tredje kjellar med dykkarbestefaren og har ambisjonar om å kjempe seg opp til toppen. Det er ei historie om venskap og utfrysing, om makt, pengar, samhald og klassekamp. Vågar eg å seie at Ole Lund Kirkegaards ånd sviv over boka? Ja, det vågar eg, men skundar meg å seie at dette ikkje er nokon Gummi-Tarzan, men si heilt eiga bok. Noko i tittelen gir meg inntrykk av at det kjem til å komme fleire bøker om Ikaros Olsen, og det hadde på ingen måte vore meg imot.
Har ikkje spurt forleggaren no heller. |
torsdag 12. november 2015
Tjue bøker, mange lesetips
Her er grafisk representasjon av dei siste tjue bøkene eg har lese:
Klikk gjerne på bildet og bli venn med meg på Goodreads! |
- Fem er teikneseriar
- Fem er lydbøker
- Ei er ei novellesamling
- Seks er sakprosa, sju viss du reknar Snorre
- Ei er ei novellesamling
- 10 er på bokmål, fem på engelsk, ei på fransk og fire på norsk
- Åtte er av kvinner, dei siste tolv av menn
Evna er siste del i Siri Pettersens Ravneringene-trilogi og ei bok eg hadde venta ganske ivrig på. Den første (som eg altså las i forfjor) tykte eg det tok litt vel lang tid å komme inn i, men eg går ut frå at det var mykje fordi eg ikkje las særleg meir enn eitt kapittel i slengen til å begynne med. Eg er glad eg fekk den togturen inni der slik at eg hadde to-tre timar utan distraksjon. Det var óg denne trilogien som, saman med Arnfinn Koleruds Vassbygd-trilogi, fekk meg til å forstå koss det kjennest å vente på ei bok som ikkje er ferdig skriven. No som eg har lest Evna er eg klar for å lese alle tre bøkene ein gong til, men det blir neppe før til sommaren.
The Three Stigmata of Palmer Eldritch er ikkje mindre av ein mindfuck enn dei andre Dick-romanane eg har lese. I somt minte han om Ubik, diverre utan å vere fullt så god. Det er i og for seg forvitneleg at det let seg gjere å følgje handlinga så langt som det gjekk, men siste halvtime (lydbok) var rett og slett meir forvirrande-rotete enn fantasieggande-rotete.
Vi er molekyler er ei undomsbok av den kanadiske forfattaren Susin Nielsen. Det er ikkje den første slike eg har lese med to forteljarar som er sysken, men det er den einaste der dei er stesysken. Sjølsagt er dei to så ulike som dei kan bli, han er grensesprengande nørd og ho er grensesprengande valley girl. Grei orsaking for å bruke dei klisjeane i og for seg, men meh. Om ungdommar skulle spørje meg, vil eg tilrå dei å heller gå til Jenny Jägerfeld sine to som har komme på norsk (og som er omtalte her).
Første sakprosabok i denne haugen er Kjære Karoline - Jeg er barnehagelæreren din som spring ut av bloggen til forfattar Eivor Evenrud. I boka tenkjer ho høgt om profesjonen sin og er inne på konflikter mellom profesjonsetikken og krava barnehageeigar måtte stille. Av alle bøker om barnehageped eg har lese er dette korkje den første eller den beste, men eg tipper at nye barnehagepedagogar vil ha ei viss glede av henne.
Når det er såpass mange teikneseriar her er det litt fordi eg rydda på plass bøker på skulebiblioteket der eg jobbar. Teikneseriehylla var så trong at eg rett og slett lånte ein stabel bøker for å få plass der. Og for å bli betre kjent med samlinga slik at eg kan formidle henne betre, sjølsagt. Dermed kan ein jo håpe på ein litt annan sirkulasjon og dermed betre plass i hyllene? Den første eg las av desse var iallfall Esben S. Titlands Piketty på 1-2-3, og den var jo raskt unnagjort. No har eg lese (høyrt) Kapitalen i det 21. århundre, slik at eg neppe var i målgruppa for denne vesle innføringa, men eg ser jo at Piketty si bok er skræmeleg tjukk. Titlands vesle innføring bør soleis kunne gjere nytte for seg. Eg må likevel understreke at det Knut Nærum seier om å ikkje trenge å lese Piketty etter å ha lese Titland er tullball. Om originalen stadig er skummel etter dette kan ein kanskje prøve seg på Jesper Roines Piketty forklart før ein går ad fontes.
Lene Ask har eg omtalt her før, og med Kjære Rikard trur eg jaggu eg har lese alle bøkene hennar. Om ho spring ut av Asks eigne røynsler er det i så fall på ein langt meir oblik måte enn Da jeg reddet verden og Hitler, Jesus og farfar. Kjære Rikard er ein teikneserieversjon av ein over 100 år gammal korrespondanse mellom ein far på misjonsmarken og yngstesonen som bur på kostskule heime i Stavanger. Særleg den yngste korrespondenten er heller ordknapp, slik at Ask har mykje rom til å dikte ein barndom så vel som den saknaden dei to lever med. Tidlegare bøker av Lene Ask har vore i ein lett kjennande, nokså uornamentert stil med bleike, jamne fargar. Det er stadig lett å sjå kven som har teikna Kjære Rikard, sjøl om teikningane denne gongen er meir detaljerte blyantteikningar.
Sakprosa igjen, og no er det ei stor glede å kunne tilrå Piers Paul Reads klare, usentimentale framstilling av Dreyfus-saka. The Dreyfus Affair i David Pevsners opplesing er like underhaldande som opplysande, og ei svært medrivande bok. Gudane skal vite at det er opprørande ting Alfred Dreyfus vart utsett for, meir enn nok til å rettferdiggjere ei langt meir harmdirrande bok enn dette. Dreyfus-saka er altså eit av dei mest vidgjetne justismorda vi kjenner, og ein skandale som skapte eller aksentuerte sterke motsetnader i det franske samfunnet. Det vart oppdaga at ein eller annan i generalstaben selte informasjon til den tyske ambassaden, og på svært tynt (for ikkje å seie sviktande) grunnlag vart Alfred Dreyfus arrestert og sendt til fangekolonien på Jæveløya. Medan han var der arbeidde særleg broren for å saka teken opp att, men jamvel om dette arbeidet lukkast var ikkje Dreyfussaka ferdig med å vere justismord.
Ikkje før i 1906 vart Dreyfus reinvaska. Når dette blir emne for bøker enno i dag kjem det mykje av at saka ikkje berre var eit så stygt justismord, men at ho aksentuerte skiljeliner i det franske samfunnet, grovt sagt mellom ateistar, jødar, protestantar og katolikkar. Når Frankrike i dag er eit så veldig sekulært samfunn kan det iallfall delvis forståast på bakgrunn av Dreyfussaka.
Livius av Erlend Kaasa er sikkert den norske romanen eg har lese der handlinga minner mest om Heart of Darkness av Joseph Conrad. Offiseren Lam høyrer til ein okkupasjonsstyrke som har hærteke noko som fort kan vere Noreg og blir sendt ut på eit sjølmordsoppdrag. Boka fungerer heilt etter oppskrifta, og eg er litt lei meg for at eg ikkje har meir å seie om henne to veker etter at ho var utlesen.
Jeg drepte Hitler og Varulvene i Montpellier var ikkje det første eg har lese av Jason, men det første på ganske lenge. Som eg nemnte litt lenger oppe i posten var det noko så prosaisk som tronge teikneseriehyller som var utløysande årsak til at eg tok med meg heim den med Hitler, men eg likte no det eg las meir enn godt nok til å ta med meg Varulvene i Montpellier, La meg vise deg noe... og elles det vi har på jobben for å hygge meg med. På nittitalet såg eg filmane til Hal Hartley med stor glede, og minnest at Amateur blei omtalt som "ein actionthrillar med flatt dekk", og no prøver eg å komme opp med ein parafrase som kan oppsummere Jasons teikneseriar. Førebels nyttar det lite. Både dei ordknappe manuskripta og den distinkte teiknestilen gir mykje å glede seg over, nett no har eg det elles moro med å legge merke til at Jeg drepte Hitler har mykje felles med mange andre tidsreisehistorier, denne liknar meir på den Philip K Dick-novella eg nett las (The Skull, kven veit om eg ikkje snart skriv litt om samlinga ho er i, Beyond Lies the Wub) enn på Ola Hegdal og Tore Strand Olsens Blått blod.
Og når vi er inne på blått blod: Eg trur eg har vore ein overtydd republikanar omtrent så lenge eg kan hugse, og eg ser ikkje nett meir fornuft i at posisjonar skal gå i arv di eldre eg blir. Sånn sett er eg jo menigheita meir enn målgruppa kanskje for Kjetil B Alstadheims Republikken Norge, men det var no gildt å lese, då. Den litt vel flåsete tonen har ei god motvekt i det at Alstadheim faktisk kjem med konkrete scenario for eit Noreg som har kasta av seg åket. Ned med monarkiet.
Dei siste åra har det blitt til at eg les fleire ungdomsbøker enn eg gjorde medan eg var ungdom sjøl, og ein av dei forfattarane eg med kvart har lese nokre bøker av er Tor Arve Røssland. Glimt er ei skikkeleg nifs og etter det eg kan forstå original spøkjelsesforteljing. Boka er både smart og spennande, og eg skal i grunnen ikkje seie så mykje meir om handlinga enn at ho er velkonstruert utan å vere hermetisk. Vidare lesing: Her lå Tirpitz av Ingrid Storholmen.
Astérix le gaulois ligg her fordi eg nett har begynt å lese alle Asterix-hefta frå starten på fransk. Det er gøy å sjå koss teiknestilen utviklar seg berre i løpet av denne første historia, samstundes som veldig mykje av den ordspelbaserte humoren er på plass. Når ein les vidare er det elles merkande kva den norske utgjevingsrekkefølgja har gjort med ein kontinuitet eg i grunnen ikkje har tenkt på var der; når Asterix og Obelix skaffar Panoramix ei gullsigd i La serpe d'or, er det fordi han treng henne til trollmannsturneringa i Astérix et les goths.
Ein annan serie eg er glad eg endeleg har fått lese er Kebbelife - et år med tjukken av Mette K Hellenes. Dette var nemleg veldig moro. Råkande og grovkorna humor, stadig vekk kræsjar innhaldet i det som blir sagt fullstendig med den røffe teiknestilen. Når eg tidlegare har lese ei og ei stripe har eg ikkje vorte så forlibt i Mette og Vanessa, så iallfall for min del krev dei ei samling som denne for å komme til sin rett, som dei seier på bakmål.
Som eg vel nemnte øvst her i samband med Evna har eg endeleg fått lære koss det kjennest å måtte vente på ei bok som ikkje har komme ut enno. Etter at eg las (høyrte) A Place of Greater Safety i fjor har eg gått vidare til forfattar Hilary Mantels planlagde trilogi om Thomas Cromwell (ein embetsmann under Henrik 8) og høyrt Simon Slater lese opp Wolf Hall og no Simon Vances opplesing av nummer to, Bring up the Bodies.
Veit du, eg vil i grunnen bruke denne plassen til å seie litt om den historiske romanens kraft og kor skuffande sakprosa stundom kan vere. Før eg las (høyrte) A Place of Greater Safety hadde eg gjennom mange år lese ein god del om den franske revolusjonen, men følte likevel at eg hadde ei heller fragmentert forståing av denne avgjerande delen av europeisk historie. Sjølsagt er det eit omfattande emne, men på mange måtar var det først etter Mantels bok denne perioden blei meir enn ei kaotisk mengd namn og datoar (og overdriver litt, då). Dermed var eg i større grad enn eg ville vore utan Mantels bok klar for den store oversiktsboka til Simon Schama, Citizens. Jamvel om nett den boka er eit produkt av USA på det seine 1980-talet ("Herregud, koss kunne dei finne på å prøve å REGULERE økonomien?!?!?!") var ho ei klar og grei framstilling. Det som overraska meg mest under lesinga var likevel at den ømheita eg følte for hovudpersonane i A Place of Greater Safety, nemleg Camille Desmoulins i tillegg til Danton og Robespierre(!) var intakt og vel så det. Det eg seier er at eg er ein førti år gammal mann som hadde problem med å halde tårene tilbake då Danton vart avretta.
Eg har med ein viss mistanke om at eg kjem til å kjenne det på omlag same måten når det går ille med Thomas Cromwell i det lova tredje bandet om han, The Mirror and the Light. Dei to første har følgt han frå teneste for kardinal Wolsey til Henrik 8s mest betrudde allierte i og med innsatsen hans for å få Anne Boleyn på tronen (Wolf Hall) og gjennom intrigene som førte den same Anne Boleyn til skafottet (Bring Up the Bodies), tredje band må nesten ta føre seg det som heilt sikkert er ein spennande kamp for liv og karriere, ein kamp Cromwell taper (det er berre å slå det opp).
Medan eg ventar på dette tredje bandet tenkte eg at litt meir engelsk historie kunne vore moro, så eg gjekk for Alison Weirs The Life of Elizabeth, ein biografi over Elizabeth I, dotter til Henrik 8 og Anne Boleyn. Det er her eg blir skuffa over sakprosaen, folkens. No skal det seiast at eg ikkje høyrte meir enn sånn 3/8 av boka men satan så irriterande det var så lenge det stod på. Ned med monarkiet er ein ting (verda hadde sett former for demokrati før dette, altså), men å gjere regjeringstida til Elizabeth 1 til ein utvida hoffreportasje er veldig lite bra. At ho var eit ettertrakta gifte er det ingen grunn til å tvile på, men denne framstillinga gjer henne til objekt meir enn subjekt for slike forsøk på alliansebygging. Når framstillinga i tillegg berre går føre seg inne i den vesle bobla som hoffet trass alt er blir både den storpolitiske historia og folkets historie redusert til hoffintriger. Om berre dette andre var sett gjennom prismet Elizabeth utgjorde kunne boka vore fengslande og informativ, slik boka faktisk ser ut (eller iallfall nesten den første halvdelen av henne) er ho berre plagsam.
Og då eg gav opp dette gjekk eg raskt over til meir lokale saker: Slaget på Stiklestad er ei samanstilling av det Snorre skriv om opptakten til slaget, slaget og litt av etterspelet. Denne gongen stod eg att med langt fleire spørsmål enn svar, først og fremst er eg plutseleg usikker på kvifor Olav Digre er helten i soga. Det verkar ikkje som folket i landet han ville vere konge over var så ivrige etter å ha han til høvding, mellom anna. Eg trur rett og slett Noregshistoria må opp og fram på leselista mi.
Sånn. Det var godt å få det ut. Dag Solstads essays og artiklar i Artikler 2005-2014 var kosteleg lesnad. Sjøl om eg personleg til og med har slutta å late som eg bryr meg om fotball var det moro å lese sportsstykka til Solstad, og når han skriv om fosjempel Brand er det berre å følgje nøye med.
For nokre år sidan hadde eg stor glede av Kjersti Rorgemoens første roman (eller 'notat'), Purkene snudde seg. No i år har eg hatt vel så stor moro av den siste vesle boka hennar, Håpet og festen. Som ein som sjøl gjekk for lenge på universitetet og har hatt eit arbeidsliv som, eh, ikkje svarte til forventningane (eg er ute av reklamebransjen (insj Allah) og trur ikkje eg skal leve av å putte ting i konvoluttar meir), er det ikkje fritt for at eg kjenner meg att i hovudpersonen. Eg liker at ho har avfunne seg med lagnaden og eg set pris på at ein av vennene hennar seier at "få ting gjer meg så nedstemt som folkelingvistikk". Trur kanskje ikkje heilt dette er boka for gjengen min på vgs (dei har liksom detta greiene her framfor seg og kan vel knapt relatere seg til det), men dei vil elske det vesle omfanget.
Som det går fram av ein tidlegare post (okay, den mest lesne posten min) sette eg stor pris på teveserien Kampen for tilværelsen. To av tre manusforfattarar var folk eg kjente arbeidet til, og eg meiner bestemt at eg kjente att ikkje berre forfattaren av Doppler og Stille dager i Mixing Part, men like mykje han som skreiv høyrespelet Tilbake til Tuengen Allé og manuset til Den brysomme mannen. No har sistnemte, Per Schreiner, debutert som forfattar av noko som ikkje skal spelast (vanskeleg å seie at høyrespelmanus ikkje er skjønnlitteratur, vel) med novellesamlinga Min fars fem bad. Her er det mykje å like, særleg sette eg pris på tittelnovella og dei som berre var lister eller replikkvekslingar. Mange av tekstene utspelar seg i mellomrommet mellom det som blir sagt og det som blir meint, somtid med avstikkarar til mellomrommet mellom det som blir sagt og det mottakaren går ut frå ligg bak. Berre den siste novella går føre seg etter hovudpersonens død, men den er óg ein av dei finaste i boka.
Eg passa på å lese dette førehandsekset på minst ein stad der eg blei observert. |
Vi er molekyler er ei undomsbok av den kanadiske forfattaren Susin Nielsen. Det er ikkje den første slike eg har lese med to forteljarar som er sysken, men det er den einaste der dei er stesysken. Sjølsagt er dei to så ulike som dei kan bli, han er grensesprengande nørd og ho er grensesprengande valley girl. Grei orsaking for å bruke dei klisjeane i og for seg, men meh. Om ungdommar skulle spørje meg, vil eg tilrå dei å heller gå til Jenny Jägerfeld sine to som har komme på norsk (og som er omtalte her).
Første sakprosabok i denne haugen er Kjære Karoline - Jeg er barnehagelæreren din som spring ut av bloggen til forfattar Eivor Evenrud. I boka tenkjer ho høgt om profesjonen sin og er inne på konflikter mellom profesjonsetikken og krava barnehageeigar måtte stille. Av alle bøker om barnehageped eg har lese er dette korkje den første eller den beste, men eg tipper at nye barnehagepedagogar vil ha ei viss glede av henne.
Når det er såpass mange teikneseriar her er det litt fordi eg rydda på plass bøker på skulebiblioteket der eg jobbar. Teikneseriehylla var så trong at eg rett og slett lånte ein stabel bøker for å få plass der. Og for å bli betre kjent med samlinga slik at eg kan formidle henne betre, sjølsagt. Dermed kan ein jo håpe på ein litt annan sirkulasjon og dermed betre plass i hyllene? Den første eg las av desse var iallfall Esben S. Titlands Piketty på 1-2-3, og den var jo raskt unnagjort. No har eg lese (høyrt) Kapitalen i det 21. århundre, slik at eg neppe var i målgruppa for denne vesle innføringa, men eg ser jo at Piketty si bok er skræmeleg tjukk. Titlands vesle innføring bør soleis kunne gjere nytte for seg. Eg må likevel understreke at det Knut Nærum seier om å ikkje trenge å lese Piketty etter å ha lese Titland er tullball. Om originalen stadig er skummel etter dette kan ein kanskje prøve seg på Jesper Roines Piketty forklart før ein går ad fontes.
« Thomas Piketty 2015 » par Gobierno de Chile. Sous licence CC BY 2.0 via Wikimedia Commons |
Lene Ask har eg omtalt her før, og med Kjære Rikard trur eg jaggu eg har lese alle bøkene hennar. Om ho spring ut av Asks eigne røynsler er det i så fall på ein langt meir oblik måte enn Da jeg reddet verden og Hitler, Jesus og farfar. Kjære Rikard er ein teikneserieversjon av ein over 100 år gammal korrespondanse mellom ein far på misjonsmarken og yngstesonen som bur på kostskule heime i Stavanger. Særleg den yngste korrespondenten er heller ordknapp, slik at Ask har mykje rom til å dikte ein barndom så vel som den saknaden dei to lever med. Tidlegare bøker av Lene Ask har vore i ein lett kjennande, nokså uornamentert stil med bleike, jamne fargar. Det er stadig lett å sjå kven som har teikna Kjære Rikard, sjøl om teikningane denne gongen er meir detaljerte blyantteikningar.
Berre godsaker her! |
"AlfredDreyfus". Licensed under Public Domain via Commons |
Ikkje før i 1906 vart Dreyfus reinvaska. Når dette blir emne for bøker enno i dag kjem det mykje av at saka ikkje berre var eit så stygt justismord, men at ho aksentuerte skiljeliner i det franske samfunnet, grovt sagt mellom ateistar, jødar, protestantar og katolikkar. Når Frankrike i dag er eit så veldig sekulært samfunn kan det iallfall delvis forståast på bakgrunn av Dreyfussaka.
Livius av Erlend Kaasa er sikkert den norske romanen eg har lese der handlinga minner mest om Heart of Darkness av Joseph Conrad. Offiseren Lam høyrer til ein okkupasjonsstyrke som har hærteke noko som fort kan vere Noreg og blir sendt ut på eit sjølmordsoppdrag. Boka fungerer heilt etter oppskrifta, og eg er litt lei meg for at eg ikkje har meir å seie om henne to veker etter at ho var utlesen.
Jeg drepte Hitler og Varulvene i Montpellier var ikkje det første eg har lese av Jason, men det første på ganske lenge. Som eg nemnte litt lenger oppe i posten var det noko så prosaisk som tronge teikneseriehyller som var utløysande årsak til at eg tok med meg heim den med Hitler, men eg likte no det eg las meir enn godt nok til å ta med meg Varulvene i Montpellier, La meg vise deg noe... og elles det vi har på jobben for å hygge meg med. På nittitalet såg eg filmane til Hal Hartley med stor glede, og minnest at Amateur blei omtalt som "ein actionthrillar med flatt dekk", og no prøver eg å komme opp med ein parafrase som kan oppsummere Jasons teikneseriar. Førebels nyttar det lite. Både dei ordknappe manuskripta og den distinkte teiknestilen gir mykje å glede seg over, nett no har eg det elles moro med å legge merke til at Jeg drepte Hitler har mykje felles med mange andre tidsreisehistorier, denne liknar meir på den Philip K Dick-novella eg nett las (The Skull, kven veit om eg ikkje snart skriv litt om samlinga ho er i, Beyond Lies the Wub) enn på Ola Hegdal og Tore Strand Olsens Blått blod.
Ser ikkje for meg at forlaget har noko mot at eg illustrerer omtale av boka med omslaget. |
Og når vi er inne på blått blod: Eg trur eg har vore ein overtydd republikanar omtrent så lenge eg kan hugse, og eg ser ikkje nett meir fornuft i at posisjonar skal gå i arv di eldre eg blir. Sånn sett er eg jo menigheita meir enn målgruppa kanskje for Kjetil B Alstadheims Republikken Norge, men det var no gildt å lese, då. Den litt vel flåsete tonen har ei god motvekt i det at Alstadheim faktisk kjem med konkrete scenario for eit Noreg som har kasta av seg åket. Ned med monarkiet.
Dei siste åra har det blitt til at eg les fleire ungdomsbøker enn eg gjorde medan eg var ungdom sjøl, og ein av dei forfattarane eg med kvart har lese nokre bøker av er Tor Arve Røssland. Glimt er ei skikkeleg nifs og etter det eg kan forstå original spøkjelsesforteljing. Boka er både smart og spennande, og eg skal i grunnen ikkje seie så mykje meir om handlinga enn at ho er velkonstruert utan å vere hermetisk. Vidare lesing: Her lå Tirpitz av Ingrid Storholmen.
Astérix le gaulois ligg her fordi eg nett har begynt å lese alle Asterix-hefta frå starten på fransk. Det er gøy å sjå koss teiknestilen utviklar seg berre i løpet av denne første historia, samstundes som veldig mykje av den ordspelbaserte humoren er på plass. Når ein les vidare er det elles merkande kva den norske utgjevingsrekkefølgja har gjort med ein kontinuitet eg i grunnen ikkje har tenkt på var der; når Asterix og Obelix skaffar Panoramix ei gullsigd i La serpe d'or, er det fordi han treng henne til trollmannsturneringa i Astérix et les goths.
Ein annan serie eg er glad eg endeleg har fått lese er Kebbelife - et år med tjukken av Mette K Hellenes. Dette var nemleg veldig moro. Råkande og grovkorna humor, stadig vekk kræsjar innhaldet i det som blir sagt fullstendig med den røffe teiknestilen. Når eg tidlegare har lese ei og ei stripe har eg ikkje vorte så forlibt i Mette og Vanessa, så iallfall for min del krev dei ei samling som denne for å komme til sin rett, som dei seier på bakmål.
Håper dette er smått nok utdrag til at det er greit å bruke som illustrasjon |
Veit du, eg vil i grunnen bruke denne plassen til å seie litt om den historiske romanens kraft og kor skuffande sakprosa stundom kan vere. Før eg las (høyrte) A Place of Greater Safety hadde eg gjennom mange år lese ein god del om den franske revolusjonen, men følte likevel at eg hadde ei heller fragmentert forståing av denne avgjerande delen av europeisk historie. Sjølsagt er det eit omfattande emne, men på mange måtar var det først etter Mantels bok denne perioden blei meir enn ei kaotisk mengd namn og datoar (og overdriver litt, då). Dermed var eg i større grad enn eg ville vore utan Mantels bok klar for den store oversiktsboka til Simon Schama, Citizens. Jamvel om nett den boka er eit produkt av USA på det seine 1980-talet ("Herregud, koss kunne dei finne på å prøve å REGULERE økonomien?!?!?!") var ho ei klar og grei framstilling. Det som overraska meg mest under lesinga var likevel at den ømheita eg følte for hovudpersonane i A Place of Greater Safety, nemleg Camille Desmoulins i tillegg til Danton og Robespierre(!) var intakt og vel så det. Det eg seier er at eg er ein førti år gammal mann som hadde problem med å halde tårene tilbake då Danton vart avretta.
Noko fruktfat var han ikkje, men til skarprettaren sa han "Vis dei hovudet mitt, det er vel verdt bryet!" «Georges Danton» par Musée Carnavalet. Falt i det fri. |
Eg har med ein viss mistanke om at eg kjem til å kjenne det på omlag same måten når det går ille med Thomas Cromwell i det lova tredje bandet om han, The Mirror and the Light. Dei to første har følgt han frå teneste for kardinal Wolsey til Henrik 8s mest betrudde allierte i og med innsatsen hans for å få Anne Boleyn på tronen (Wolf Hall) og gjennom intrigene som førte den same Anne Boleyn til skafottet (Bring Up the Bodies), tredje band må nesten ta føre seg det som heilt sikkert er ein spennande kamp for liv og karriere, ein kamp Cromwell taper (det er berre å slå det opp).
Medan eg ventar på dette tredje bandet tenkte eg at litt meir engelsk historie kunne vore moro, så eg gjekk for Alison Weirs The Life of Elizabeth, ein biografi over Elizabeth I, dotter til Henrik 8 og Anne Boleyn. Det er her eg blir skuffa over sakprosaen, folkens. No skal det seiast at eg ikkje høyrte meir enn sånn 3/8 av boka men satan så irriterande det var så lenge det stod på. Ned med monarkiet er ein ting (verda hadde sett former for demokrati før dette, altså), men å gjere regjeringstida til Elizabeth 1 til ein utvida hoffreportasje er veldig lite bra. At ho var eit ettertrakta gifte er det ingen grunn til å tvile på, men denne framstillinga gjer henne til objekt meir enn subjekt for slike forsøk på alliansebygging. Når framstillinga i tillegg berre går føre seg inne i den vesle bobla som hoffet trass alt er blir både den storpolitiske historia og folkets historie redusert til hoffintriger. Om berre dette andre var sett gjennom prismet Elizabeth utgjorde kunne boka vore fengslande og informativ, slik boka faktisk ser ut (eller iallfall nesten den første halvdelen av henne) er ho berre plagsam.
Og då eg gav opp dette gjekk eg raskt over til meir lokale saker: Slaget på Stiklestad er ei samanstilling av det Snorre skriv om opptakten til slaget, slaget og litt av etterspelet. Denne gongen stod eg att med langt fleire spørsmål enn svar, først og fremst er eg plutseleg usikker på kvifor Olav Digre er helten i soga. Det verkar ikkje som folket i landet han ville vere konge over var så ivrige etter å ha han til høvding, mellom anna. Eg trur rett og slett Noregshistoria må opp og fram på leselista mi.
Sånn. Det var godt å få det ut. Dag Solstads essays og artiklar i Artikler 2005-2014 var kosteleg lesnad. Sjøl om eg personleg til og med har slutta å late som eg bryr meg om fotball var det moro å lese sportsstykka til Solstad, og når han skriv om fosjempel Brand er det berre å følgje nøye med.
For nokre år sidan hadde eg stor glede av Kjersti Rorgemoens første roman (eller 'notat'), Purkene snudde seg. No i år har eg hatt vel så stor moro av den siste vesle boka hennar, Håpet og festen. Som ein som sjøl gjekk for lenge på universitetet og har hatt eit arbeidsliv som, eh, ikkje svarte til forventningane (eg er ute av reklamebransjen (insj Allah) og trur ikkje eg skal leve av å putte ting i konvoluttar meir), er det ikkje fritt for at eg kjenner meg att i hovudpersonen. Eg liker at ho har avfunne seg med lagnaden og eg set pris på at ein av vennene hennar seier at "få ting gjer meg så nedstemt som folkelingvistikk". Trur kanskje ikkje heilt dette er boka for gjengen min på vgs (dei har liksom detta greiene her framfor seg og kan vel knapt relatere seg til det), men dei vil elske det vesle omfanget.
Kan ikkje sjå for meg at Kolon har noko mot at eg illustrerer omtale av boka med omslaget. |
Som det går fram av ein tidlegare post (okay, den mest lesne posten min) sette eg stor pris på teveserien Kampen for tilværelsen. To av tre manusforfattarar var folk eg kjente arbeidet til, og eg meiner bestemt at eg kjente att ikkje berre forfattaren av Doppler og Stille dager i Mixing Part, men like mykje han som skreiv høyrespelet Tilbake til Tuengen Allé og manuset til Den brysomme mannen. No har sistnemte, Per Schreiner, debutert som forfattar av noko som ikkje skal spelast (vanskeleg å seie at høyrespelmanus ikkje er skjønnlitteratur, vel) med novellesamlinga Min fars fem bad. Her er det mykje å like, særleg sette eg pris på tittelnovella og dei som berre var lister eller replikkvekslingar. Mange av tekstene utspelar seg i mellomrommet mellom det som blir sagt og det som blir meint, somtid med avstikkarar til mellomrommet mellom det som blir sagt og det mottakaren går ut frå ligg bak. Berre den siste novella går føre seg etter hovudpersonens død, men den er óg ein av dei finaste i boka.
Etiketter:
bd,
historisk roman,
lesetips,
lydbok,
refs og jeremiade
torsdag 5. november 2015
Pynchon, Piketty og Wodehouse
For ein ti års tid sidan las eg heile serien om "Lucky" Jack Aubrey (Master & Commander), eller alle dei banda O'Brian fullførte før han døydde. Midtvegs i ein serie som henta handlinga si frå Napoleonskrigane rakte forfattaren rett og slett opp for krigsår å legge hendingane i, så han bad lesarane bere over med han og legge til grunn at Aubrey og Maturin siglar inn i eit slags 1812B. Dette valet får eg færre og færre problem med, fordi det er lite av handlinga i sneset med bøker som heng att i minnet. Det eg hugsar er at O'Brian stadig gjentok at Jack Aubrey som alle andre sjømenn merkte sjøl minimale endringar i vind og straum jamvel i søvne, og at Maturin vel var ein dyktig spion og skipslege, men ubrukeleg på dekk og særleg på ein leider.
Replika av ei av skutene frå bøkene. "HMS Surprise2(c)Ted Rufus Ross" by RufusTeleStrat at en.wikipedia. Licensed under CC BY 2.5. Henta frå wikimedia commons, |
Noko heng altså att etter så mange år, jamvel om det ikkje er fritt for at bøkene elles kan gli litt over i kvarandre. Trass i tjue seglskipsbøker i løpet av ein sommar er det likevel ikkje i nokon særleg grad slik at eventyra til Aubrey og Maturin kastar skuggar over dei andre bøkene eg les. Farane ved å ha kysten i le kjem eg på når eg tek ferja til jobb, ikkje medan eg les.
Men så las (eller rettare høyrte) eg Kapitalen i det 21. hundreåret av Thomas Piketty kort tid etter at eg hadde lese (og høyrt) Gravity's Rainbow. Desse to bøkene har påverka på nye og uventa måtar koss eg oppfattar det eg les, og det har gått hardast ut over dei komiske romanane til PG Wodehouse. Det er ikkje det at dei ikkje er morosame lenger, det er heller det at det kjenslemessige og intellektuelle engasjementet i dei har blitt djupare. Lat meg få forklare.
Noko av det fine med boka til Piketty (i tillegg til at forfattaren er ein sann demokrat som ser klart kva økonomiske utfordringar som møter oss i framtida og gjer framlegg til kloke reformar) er at han forklarar sakene på lettfatteleg vis ved å referere til skjønnlitteratur, særleg Honoré de Balzac og Jane Austen. Med ei symptomal lesing av særleg Père Goriot og Mansfield Park menneskeleggjer Piketty dei økonomiske spørsmåla på ein måte som gjer dei lett forståelege for alle som har lese eit par romanar i livet sitt.
Når det gjeld Pynchon sånn i det heile og ikkje minst i Gravity's Rainbow siglar (såg du den?) paranoiaen opp som noko av det mest minneverdige. Hovudpersonen i romanen finn ut at han er sentral i ei overraskande omfemnande samansverjing som går på tvers av ikkje berre stridande partar i den verdskrigen som sluttar i løpet av boka, men óg av grensene mellom det dennesidige og det hinsidige. Romanen er sparsamt pepra med "proverbs for paranoids" som til dømes nr 3: "If they can get you asking the wrong questions, they don't have to worry about answers".
Og Wodehouse? Komiske romanar som ofte går føre seg i overklassen, og der handlinga ofte dreiar seg om å få ein potensiell make eller dennes føresette til å gje samtykke til å ekteskap med helten. Til no har eg flirt av replikkunsten, sympatisert med dei unge elskande og kost meg med forviklingane og alle dei (brennande) tønnebanda dei har måtta hoppe gjennom for å få kvarandre. Etter ein omgang Piketty og Pynchon stiller det seg annleis.
Eg meiner, ein har jo alltid sett at folka i Wodehouseromanar ikkje har alvorlege pengesorgar ut over at onkelen som styrer utbetalinga av livrentene deira kan vere knipne med forskotta. Og ein vil jo alltid at unge elskande skal få kvarandre, kanskje særleg om det inneber at eit dårleg førsteinntrykk blir retta opp i løpet av handlinga. Og det er jo ikkje fritt for at ein har lagt merke til ei heller underutvikla forståing av kva sosialisme er for noko hos Wodehouses karakterar. Kanskje eg er tjukk i huet (óg), men det er likevel først no i det seinare eg har ferska koss heile Wodehouseuniverset byggjer på økonomisk skeivfordeling og utnytting av underklassen. For mange Wodehouseheltar har arbeid ikkje vore tvingande naudsynt, og uansett berre noko å halde på med fram til den rette slektningen fell frå. Alt det der ser ein jo fort, men det er altså først i det seinare det så å seie har hamna i perspektiv/relieff.
Men det er ikkje alt. Om lesing av Piketty kan få Wodehouseheltar til å framstå som snyltarar kan lesing av Pynchon få Wodehouseskurkar til å bli meir sympatiske. Det kan godt vere at Piccadilly Jim er ein ekstra fæl fyr, men eg er neimen ikkje sikker. Ryktet hans er iallfall nok til at ein ikkje kan klandre Nesta Pett eller for den delen Ann Chester i å ikkje ville ha noko særleg med han å gjere, sjøl om det altså skulle vere sterkt overdrive. Kompleksiteten i plottet gjer at eg ikkje vil forsøke å gjere greie for det, men Jimmy Crocker er altså i den situasjonen at han må narre Ann Chester for å få henne til å forstå at han ikkje er ein drittsekk og hjelpe henne med å narre tante Nesta til å la Ogden skjerpe seg og ein del anna. Normalt sett er dette oppskrifta på mykje moro, men når eg først hadde fått augo opp for den økonomiske urettvisa blei det lettare å få sympati med tante Nesta.
Ho står jo der nemleg midt i eit komplott, på alle kantar er ho omringa av folk som lyg og forsøker å narre henne. Det er heller ikkje fritt for at Jimmy Crocker framstår i eit litt anna lys. Eg vil tru meininga er at han skal vere ein eplekjekk og sjarmerande type med eit visst slyngelaktig preg, men når ein først har innrømt sympati for Nesta er det fort gjort å sjå at metodane han tek i bruk for å vise at han er ein gem type er dei same metodane som gjer han til ein drittsekk.
Så no er eg usikker. Vil eg i framtida få større eller mindre glede av Wodehouse? Det einaste som er sikkert er at eg iallfall ikkje kjem til å lese han på same måten som før.
Men så las (eller rettare høyrte) eg Kapitalen i det 21. hundreåret av Thomas Piketty kort tid etter at eg hadde lese (og høyrt) Gravity's Rainbow. Desse to bøkene har påverka på nye og uventa måtar koss eg oppfattar det eg les, og det har gått hardast ut over dei komiske romanane til PG Wodehouse. Det er ikkje det at dei ikkje er morosame lenger, det er heller det at det kjenslemessige og intellektuelle engasjementet i dei har blitt djupare. Lat meg få forklare.
Noko av det fine med boka til Piketty (i tillegg til at forfattaren er ein sann demokrat som ser klart kva økonomiske utfordringar som møter oss i framtida og gjer framlegg til kloke reformar) er at han forklarar sakene på lettfatteleg vis ved å referere til skjønnlitteratur, særleg Honoré de Balzac og Jane Austen. Med ei symptomal lesing av særleg Père Goriot og Mansfield Park menneskeleggjer Piketty dei økonomiske spørsmåla på ein måte som gjer dei lett forståelege for alle som har lese eit par romanar i livet sitt.
Bilde frå ein bokhandel. Eg tilrår verkeleg denne boka, ho forklarar ganske mykje. |
Når det gjeld Pynchon sånn i det heile og ikkje minst i Gravity's Rainbow siglar (såg du den?) paranoiaen opp som noko av det mest minneverdige. Hovudpersonen i romanen finn ut at han er sentral i ei overraskande omfemnande samansverjing som går på tvers av ikkje berre stridande partar i den verdskrigen som sluttar i løpet av boka, men óg av grensene mellom det dennesidige og det hinsidige. Romanen er sparsamt pepra med "proverbs for paranoids" som til dømes nr 3: "If they can get you asking the wrong questions, they don't have to worry about answers".
Eg har litt kjensla av at no som eg endeleg har lese Gravity's Rainbow kan eg lese henne igjen. Bilde frå ein bokhandlar. |
Kva seier desse auga om han som ser så fast i kameraet? "PGWodehouse" by Unknown - The American Legion Weekly (Volume 1, No. 17, 24 October 1919), p. 21. Falt i det fri. |
Det var her det rakna. Skulle gjerne lenka til bokhylla.no, men Aschehoug har visst begynt å trekke bøker derfrå :( |
Ho står jo der nemleg midt i eit komplott, på alle kantar er ho omringa av folk som lyg og forsøker å narre henne. Det er heller ikkje fritt for at Jimmy Crocker framstår i eit litt anna lys. Eg vil tru meininga er at han skal vere ein eplekjekk og sjarmerande type med eit visst slyngelaktig preg, men når ein først har innrømt sympati for Nesta er det fort gjort å sjå at metodane han tek i bruk for å vise at han er ein gem type er dei same metodane som gjer han til ein drittsekk.
Så no er eg usikker. Vil eg i framtida få større eller mindre glede av Wodehouse? Det einaste som er sikkert er at eg iallfall ikkje kjem til å lese han på same måten som før.
mandag 3. august 2015
Kvinne i gruppe
Parallelt med at eg las Steve Hanleys memoarbok om dei nitten åra han var med i The Fall har eg høyrt Kim Gordons Girl in a Band på lydbok. No er det i grunnen ganske meiningslaust å skulle samanlikne bandkvardagen i ei så stabil gruppe som SY med kaoset i The Fall, men det er no artig å sjå at røynslene folk har er så utruleg ulike. Det er óg litt artig at Hanley nemner Sonic Youth og Gordon nemner The Fall, men det er kanskje ikkje så unaturleg. Eller er det berre noko eg trur fordi at eg sjøl liker båe gruppene?
Meiningslaust eller ikkje er det likevel vanskeleg å la vere: Hanleys bok (med undertittelen Life inside The Fall) opnar med ungdommeleg musikkinteresse og bråsluttar når han sluttar i bandet, medan Kim Gordon skriv om barndom, oppvekst, familie, kunstnarskap og sosiologi, og ho stoppar ikkje med samlivsbrot og oppløyst band. I posten om Fall-bøker skrøyt eg av Hanley for at han let det skinne gjennom at folk har kjensler i tillegg til minne, Kim Gordon legg ikkje skjul på at folk i tillegg til minne og kjensler har intellekt.
Iallfall er Girl in a Band ei rockebok eg kan tilrå utan atterhald. Ikkje berre fordi Kim Gordon framstår som eit heilt menneske med eit liv utanfor bandet, men óg fordi ho let musikken få den fortente plassen. Ho går ikkje tvangsmessig gjennom alle låtene eller platene, men gjer noko betre: Ho let somme plater få eigne kapittel der ho snakkar om kva som var viktig for henne på den tida, samstundes med at ho bruker desse kapitla til å legge ut om dei songane som av ulike grunnar er nærmast hjartet eller minnet.
No er det ikkje slik at eg høyrte på boka for å få stoff til ei tematisk speleliste, men du verden så veleigna ho var som bakgrunnsmaterial. Det hjelper sjølsagt at i den grad det er SY-låter som står nær mitt eige hjarte er det stor grad av overlapp med Kim Gordon sine. Særleg var eg glad for å høyre om Tunic (Song for Karen) og Little Trouble Girl. Kven veit om ikkje denne spelelista kan gje Goo alvorleg konkurranse som den SY-samlinga eg helst høyrer på?

Men Girl... ho er vel vaksen? Bilde frå bokhandel. |

Eit par ord om dei to siste låtene her: I og med at både Sonic Youth og ekteskapet med Thurston Moore er over, er det ikkje fritt for at boka er ramma inn av ei nokså tung stemning. Ein del kapittel dreiar seg om den siste tida før det endelege brotet, eit av kapitla er berre teksten til Cotton Crown (som eg difor har teke med her). Heldigvis (det er ikkje fritt for at ein blir glad i folk som deler gleder og sorger slik som her) sluttar boka med ei oppsummering av ting som går bra, ein av dei er det musikalske samarbeidet med Bill Nace, Body/Head.
Det er ikkje fritt for at samtidige musikarar er med i boka, og Kurt Cobain er ein slags gjennomgangsfigur. Heilt til sist fortel Kim om gjestespelet under konserten som markerte at Nirvana vart tekne inn i rock'n'roll hall of fame, der Dave Grohl og Krist Novoselic inviterte henne til å synge Aneurysm. Den låta finn eg ikkje på Spotify, men her kan YouTube heldigvis hjelpe:

lørdag 1. august 2015
To Fall-bøker og ein Fall-teikneserie
Ein rask kikk på låtstatistikken min på last.fm avslører at iallfall reint kvantitativt er favorittbandet mitt The Fall. Ei oversikt over rockebøker eg har lese (ei oversikt som ikkje er offentleg, slik at det berre er eg som har henne) stadfestar dette inntrykket, denne posten dreiar seg om den tredje og fjerde boka eg les om dei. Berre Morrissey / The Smiths er tilnærmingsvis like godt representerte i biblioteket mitt. I og med at personane det dreiar seg både er samtidige og frå same område (Manchester-traktene) er det ikkje til å undrast over at dei stundom er nemnte i kvarandres bøker, forresten.
The Fall, for dei uinnvigde, er eit av dei mest seigliva banda frå postpunktida. Frontfigur Mark E. Smith (E står for Edward) er den einaste som har vore med heile tida, og har med ujamne mellomrom sparka heile eller delar av bandet. Frå Live at the Witch Trials i 1979 til Sub-Lingual Tablet i 2015 har dei gitt ut eit trettital studioalbum og haugevis av liveplater, singlar og samleskiver. Den noverande lineupen har elles vore ganske stabil, så vidt eg kan sjå har det ikkje vore utskiftingar sidan 2006. Det kan leggast til at The Quietus' Luke Turner i meldinga av siste LP meiner det er på tide med ei utreinsking att.
Det er elles grunn til å tru at båe desse bøkene spring ut frå Dave Simpsons skilsetjande The Fallen. I den boka legg Simpson til grunn ein bestemt definisjon av medlemskap i bandet (må ha spelt live med dei) og leitar fram om lag førti tidlegare medlemmar. Det skulle ikkje forundre meg stort om det er desse intervjua som har fått Simon Wolstencroft og Steve Hanley (som har overlappande fartstid) til å skrive meir enn dei fekk sagt til Dave Simpson. The Fallen er elles sett på som ei av dei betre bøkene om bandet, og har fått MES til å omtale Dave Simpson som "That shit who wrote The Fallen" (i dette intervjuet med The Independent). Det er å håpe at seinare utgåver blir utstyrte med i det aller minste eit register over dei falne med sidetilvisingar (for faen).
Greia med Smiths var at han faktisk spelte på den første demoen, invitert med i bandet av Johnny Marr. Men så likte ikkje vår venn Si vokalstilen til Morrissey og takka nei til gigen. Sånt kan ein fort angre på og bli kjent for, men den som har lest denne boka og kjenner historia til The Smiths i grove trekk vil nok tvile på at det hadde gått betre med bandet med Funky Si bak trommene. Bassist Andy Rourke blei faktisk sparka på grunn av heroinbruken sin, og Wolstencroft legg ikkje skjul på at han røykte heroin i mellom 20 og 30 år. Koss det går med ein rytmeseksjon som vel opiumsderivat framfor speed kan ein lett tenkje seg, og frå den engelske rockehistoria kjenner vi i tillegg til nemnte Andy Rourke Topper Headon, trommeslagar i The Clash. Joe Strummer legg elles ut om korrekt dop for kvar instrumentgruppe i filmen Westway to the World.
Med Stone Roses var det annleis. Wolstencroft hadde spelt i band med både John Squire og Ian Brown gjennom heile oppveksten, og etter at Smiths hadde teke av starta dei tre bandet Patrol i lag. Dei tok ikkje av tvert, men fekk varme opp for The Fall nokre gonger. Trommeslagaren i The Fall på den tida var Karl Burns (ein av dei få Simpson ikkje fekk tak i til The Fallen), ein musikar som gjekk ut og inn av bandet etter måten ofte (han var innom att på perk i løpet av Wolstencrofts tid). På dette tidspunktet hadde tydelegvis Mark E Smith gått lei for ein periode, og dermed fekk trommisen i oppvarmingsbandet eit tilbod. Naturlegvis tok han jobben, og dermed blei mannen som ikkje likte vokalstilen til Morrissey trommeslagaren til den menneskelege kråka Mark E. Smith i elleve år. Det er vanskeleg å klandre Funky Si for å vere opportunist i dette høvet, og han fekk spelt på fleire gode plater enn John Squire i løpet av perioden.
Her er forresten den første låta Funky Si spelte på, endå om det berre var eit bongo-pålegg:
Det kan verke som om mykje av vitsen med å skrive denne boka var å få ut anekdotane før han gløymte dei, og som Fall-fan er iallfall eg svært glad for å kunne melde at det er mykje att i minnet. Vi får vite ein del om festinga, men óg ein del om den interne dynamikken i bandet, om ein sjef som både kan vere tyrannisk og raus med komponistcredit. Iallfall går det mykje i forteljingar frå turnelivet, litt om kvifor den og den vart sparka eller slutta i bandet, soger om fyll og rus og åtvaringar mot å la heroinen få overtaket.
Noko av det som fekk meg hekta på The Fall i andre omgang (første var eit par gjennomhøyringar av Dragnet, utan at eg fekk noko ut av det) var keyboardspelinga til Una Baines på det eg i dag veit er bandets første EP, Bingo-Masters Break Out!, men som eg først møtte som bonuslåter på ei nyutgåve av Live at the Witch Trials. Særleg må ein kunne nemne Repetition, som gjer akkurat det tittelen seier:
Baines spelte ikkje særleg lenge i bandet, men eit tjuetal konsertar og ëin liten handfull innspelte låter er ho med på. Ikkje minst var det ho, Tony Friel og Martin Bramah som i lag med Smith starta bandet heime hos henne. Om ein les Wikipedia og denslags ser ein at ho får æra for mykje av det politiske innhaldet i The Falls tidlege historie. Og det er jo vel og bra. Om ein derimot les I'll be Your Mirror (teikna av Keith McDougall, med manus av Baines og McDougall) får ein ei personleg historie om politisk oppvakning i Manchester på 70-talet, om ung kjærleik og til slutt kanskje om å starte band.
Som rockebok er dette heftet rare greier. Manus og teikningar kler kvarandre svært godt, men eg har sjeldan eller aldri vore borti noko som så sterkt lever opp til mottoet "always leave them wanting more". Når heftet er ferdig har The Fall så vidt starta, og heile bladet kjennest som ein prolog, både til Baines' vaksenliv og soga om The Fall. McDougalls webside (der du kan kjøpe heftet og lese dei første sidene) omtalar I'll be Your Mirror som "the first issue", og eg ventar i større spenning på neste nummer enn den annonserte boka til Brix Smith.
Steve Hanley går i det heile tatt i ganske mykje detalj, og (sannsynlegvis) takka vere medforfattar Olivia Piekarsky er boka heilt og halde unputdownable. Prosaen er flytande og anekdotane inneheld ikkje berre melding om kven som var kor full eller sånn, Hanley let det skinne gjennom at jamvel postpunkarar har eit kjensleliv. Om Simpsons bok gjev inntrykk av at dei fleste eks-medlemmane lengtar tilbake til The Fall, forsterkar Hanley det inntrykket Wolstencroft ser ut til å vilje dempe, nemleg at det ikkje var fritt for at folk levde i frykt for plassen sin i periodar. Med Karl Burns inne i og ute av bandet gjennom tjue år må nett Funky Si ha kjent seg utrygg, jamvel om The Fall ved fleire høve har hatt lineups med to trommeslagarar (eg er sjøl svært glad i Hex Enduction Hour-plata, der både Burns og Paul Hanley stiller med kvart sitt trommesett).
Det kjem elles fram at folk ikkje berre vart sparka, dei kunne óg gå sjøl. Og jamvel med nitten år bak seg i bandet vart det på eit tidspunkt nok jamvel for bassisten som hadde vore med sidan 1979. Hendingane som førte fram mot slagsmålet på scena i New York i 1998, der Karl Burns og Steve Hanley spelte med Mark E Smith for siste gong etter høvesvis tjue og nitten år, er skildra på ein måte som gjer det greit å forstå at alle har ei grense.
Eg sa unputdownable, men skal kvalifisere det littegrann: Om noko, så er boka stimulerande. Det er stadig fristande å søke opp songar eller videoar, og ikkje minst er det lett å leite fram The Fallen for å få ein alternativ versjon av hendingar der folk forlet eller kjem inn i gruppa. Og når det gjeld å søke opp songar: Her er Chicago Now frå Extricate, ei låt nett Hanley og Wolstencroft skreiv i lag:
Eg skal tilstå at eg lurte litt på kva tittelen skulle bety, og om andre skulle lure: Hanley refererer til at dei aldri gjer det særleg kvasst på hitlistene. Desse listene blei kompilerte i helga, når folk flest kjøpte plater, og då spelte det inga rolle at Fall-fansen kjøpte singlane med ein gong dei kom på måndag og tysdag, slik at The Fall var store på midtveke-lista. Så veit vi det!
Og no som både Wolstencroft, Baines og Hanley har gjeve ut bøker kjem gladnyheita om at jamvel Brix Smith skriv ei! Det er vel litt tidleg å førehandstinge, men boka kjem i 2016!
The Fall, for dei uinnvigde, er eit av dei mest seigliva banda frå postpunktida. Frontfigur Mark E. Smith (E står for Edward) er den einaste som har vore med heile tida, og har med ujamne mellomrom sparka heile eller delar av bandet. Frå Live at the Witch Trials i 1979 til Sub-Lingual Tablet i 2015 har dei gitt ut eit trettital studioalbum og haugevis av liveplater, singlar og samleskiver. Den noverande lineupen har elles vore ganske stabil, så vidt eg kan sjå har det ikkje vore utskiftingar sidan 2006. Det kan leggast til at The Quietus' Luke Turner i meldinga av siste LP meiner det er på tide med ei utreinsking att.
Ei av dei aller beste rockebøkene eg veit. Sterkt tilrådd! |
Det er elles grunn til å tru at båe desse bøkene spring ut frå Dave Simpsons skilsetjande The Fallen. I den boka legg Simpson til grunn ein bestemt definisjon av medlemskap i bandet (må ha spelt live med dei) og leitar fram om lag førti tidlegare medlemmar. Det skulle ikkje forundre meg stort om det er desse intervjua som har fått Simon Wolstencroft og Steve Hanley (som har overlappande fartstid) til å skrive meir enn dei fekk sagt til Dave Simpson. The Fallen er elles sett på som ei av dei betre bøkene om bandet, og har fått MES til å omtale Dave Simpson som "That shit who wrote The Fallen" (i dette intervjuet med The Independent). Det er å håpe at seinare utgåver blir utstyrte med i det aller minste eit register over dei falne med sidetilvisingar (for faen).
You Can Drum, But You Can't Hide
Simon "Funky Si" Wolstencroft var trommeslagar i The Fall frå 1986 til 1997, og har nyleg skrive boka You Can Drum, But You Can't Hide, hovudsakleg om tida i The Fall. Folk som ikkje har høyrt om The Fall har kanskje høyrt om to av dei banda han nesten spelte i, nemleg The Smiths og The Stone Roses. I boka gjer han relativt utførleg greie for omstenda.Tusen millionar gonger betre enn den andre trommeboka eg har, Kåre Skevik Jrs Drunk and Happy. |
Greia med Smiths var at han faktisk spelte på den første demoen, invitert med i bandet av Johnny Marr. Men så likte ikkje vår venn Si vokalstilen til Morrissey og takka nei til gigen. Sånt kan ein fort angre på og bli kjent for, men den som har lest denne boka og kjenner historia til The Smiths i grove trekk vil nok tvile på at det hadde gått betre med bandet med Funky Si bak trommene. Bassist Andy Rourke blei faktisk sparka på grunn av heroinbruken sin, og Wolstencroft legg ikkje skjul på at han røykte heroin i mellom 20 og 30 år. Koss det går med ein rytmeseksjon som vel opiumsderivat framfor speed kan ein lett tenkje seg, og frå den engelske rockehistoria kjenner vi i tillegg til nemnte Andy Rourke Topper Headon, trommeslagar i The Clash. Joe Strummer legg elles ut om korrekt dop for kvar instrumentgruppe i filmen Westway to the World.
Med Stone Roses var det annleis. Wolstencroft hadde spelt i band med både John Squire og Ian Brown gjennom heile oppveksten, og etter at Smiths hadde teke av starta dei tre bandet Patrol i lag. Dei tok ikkje av tvert, men fekk varme opp for The Fall nokre gonger. Trommeslagaren i The Fall på den tida var Karl Burns (ein av dei få Simpson ikkje fekk tak i til The Fallen), ein musikar som gjekk ut og inn av bandet etter måten ofte (han var innom att på perk i løpet av Wolstencrofts tid). På dette tidspunktet hadde tydelegvis Mark E Smith gått lei for ein periode, og dermed fekk trommisen i oppvarmingsbandet eit tilbod. Naturlegvis tok han jobben, og dermed blei mannen som ikkje likte vokalstilen til Morrissey trommeslagaren til den menneskelege kråka Mark E. Smith i elleve år. Det er vanskeleg å klandre Funky Si for å vere opportunist i dette høvet, og han fekk spelt på fleire gode plater enn John Squire i løpet av perioden.
Her er forresten den første låta Funky Si spelte på, endå om det berre var eit bongo-pålegg:
Det kan verke som om mykje av vitsen med å skrive denne boka var å få ut anekdotane før han gløymte dei, og som Fall-fan er iallfall eg svært glad for å kunne melde at det er mykje att i minnet. Vi får vite ein del om festinga, men óg ein del om den interne dynamikken i bandet, om ein sjef som både kan vere tyrannisk og raus med komponistcredit. Iallfall går det mykje i forteljingar frå turnelivet, litt om kvifor den og den vart sparka eller slutta i bandet, soger om fyll og rus og åtvaringar mot å la heroinen få overtaket.
I'll Be Your Mirror
Det var ein god dag då eg fekk denne i posten! Foto: eige. |
Baines spelte ikkje særleg lenge i bandet, men eit tjuetal konsertar og ëin liten handfull innspelte låter er ho med på. Ikkje minst var det ho, Tony Friel og Martin Bramah som i lag med Smith starta bandet heime hos henne. Om ein les Wikipedia og denslags ser ein at ho får æra for mykje av det politiske innhaldet i The Falls tidlege historie. Og det er jo vel og bra. Om ein derimot les I'll be Your Mirror (teikna av Keith McDougall, med manus av Baines og McDougall) får ein ei personleg historie om politisk oppvakning i Manchester på 70-talet, om ung kjærleik og til slutt kanskje om å starte band.
Som rockebok er dette heftet rare greier. Manus og teikningar kler kvarandre svært godt, men eg har sjeldan eller aldri vore borti noko som så sterkt lever opp til mottoet "always leave them wanting more". Når heftet er ferdig har The Fall så vidt starta, og heile bladet kjennest som ein prolog, både til Baines' vaksenliv og soga om The Fall. McDougalls webside (der du kan kjøpe heftet og lese dei første sidene) omtalar I'll be Your Mirror som "the first issue", og eg ventar i større spenning på neste nummer enn den annonserte boka til Brix Smith.
The Big Midweek Life Inside The Fall
Hanley si bok er unputdownable! Han verkar som han hugsar meir enn Wolstencroft, og er den som spelte lengst i bandet utanom Smith sjøl. Tidleg i boka kjem det fram at Craig Scanlan, Mirc Riley og Hanley-brørne Steve og Mike var fans og til dels utgjorde oppvarmingsband før dei ein etter ein vart med i bandet. Like før både turne og innspeling av Peel session i september 1980 slutta trommeslagar Mike Leigh, slik at den uprøvde Mike Hanley blei med. Storebroren skriv godt og etter måten utførleg om både opplevinga og dei kreative prosessane som førte fram til desse låtene, noko som gjer det ekstra gøy å kunne hente dei fram frå Internett:Steve Hanley går i det heile tatt i ganske mykje detalj, og (sannsynlegvis) takka vere medforfattar Olivia Piekarsky er boka heilt og halde unputdownable. Prosaen er flytande og anekdotane inneheld ikkje berre melding om kven som var kor full eller sånn, Hanley let det skinne gjennom at jamvel postpunkarar har eit kjensleliv. Om Simpsons bok gjev inntrykk av at dei fleste eks-medlemmane lengtar tilbake til The Fall, forsterkar Hanley det inntrykket Wolstencroft ser ut til å vilje dempe, nemleg at det ikkje var fritt for at folk levde i frykt for plassen sin i periodar. Med Karl Burns inne i og ute av bandet gjennom tjue år må nett Funky Si ha kjent seg utrygg, jamvel om The Fall ved fleire høve har hatt lineups med to trommeslagarar (eg er sjøl svært glad i Hex Enduction Hour-plata, der både Burns og Paul Hanley stiller med kvart sitt trommesett).
Det kjem elles fram at folk ikkje berre vart sparka, dei kunne óg gå sjøl. Og jamvel med nitten år bak seg i bandet vart det på eit tidspunkt nok jamvel for bassisten som hadde vore med sidan 1979. Hendingane som førte fram mot slagsmålet på scena i New York i 1998, der Karl Burns og Steve Hanley spelte med Mark E Smith for siste gong etter høvesvis tjue og nitten år, er skildra på ein måte som gjer det greit å forstå at alle har ei grense.
Eg sa unputdownable, men skal kvalifisere det littegrann: Om noko, så er boka stimulerande. Det er stadig fristande å søke opp songar eller videoar, og ikkje minst er det lett å leite fram The Fallen for å få ein alternativ versjon av hendingar der folk forlet eller kjem inn i gruppa. Og når det gjeld å søke opp songar: Her er Chicago Now frå Extricate, ei låt nett Hanley og Wolstencroft skreiv i lag:
Eg skal tilstå at eg lurte litt på kva tittelen skulle bety, og om andre skulle lure: Hanley refererer til at dei aldri gjer det særleg kvasst på hitlistene. Desse listene blei kompilerte i helga, når folk flest kjøpte plater, og då spelte det inga rolle at Fall-fansen kjøpte singlane med ein gong dei kom på måndag og tysdag, slik at The Fall var store på midtveke-lista. Så veit vi det!
Bilde av boka er bomma frå thebigmidweek.wordpress.com og denne bruken må vere grei vel |
Og no som både Wolstencroft, Baines og Hanley har gjeve ut bøker kjem gladnyheita om at jamvel Brix Smith skriv ei! Det er vel litt tidleg å førehandstinge, men boka kjem i 2016!
mandag 27. juli 2015
Kampen for tilværelsen-speleliste
Vi lever så kort og skal vere døde så innmari lenge, eller altså: i skrivande stund er det berre ein månad att av den tida det er mogleg å sjå den forvitnelege dramaserien Kampen for tilværelsen på nrk.no. Seriens manusforfattarar er mellom dei (oss) som tykkjer det er teit at statskanalen som har betalt for og produsert denne festen av eit kynisk blikk på Noreg 2015 ikkje kan la oss sjå det for alltid, eller i det aller minste sleppe herlegheita på eit heimevideoformat.
Ikkje for det, vissheita om at det hastar har iallfall her i heimen vore ein pådrivar for å sjå herlegheita. På den eine sida kjenner eg meg privilegert som får oppleve dette, på hi er eg lei for at unga mine ikkje får sjå dette blikket på Noreg i den tida dei var born. Faen altså.
Men væffal. Ein av mange gode ting med serien er bruken av musikk. Ikkje berre Gaute Tønders spesialskrivne, men óg viser og klassiske svisker, først og fremst som avslutning av kvar episode. Litt for å halde fast på minnet og litt fordi dette var ein fin knagg å henge ei god speleliste på har eg laga denne spotify-lista med songar frå serien.
Det er eit par manglar her: Vignettmusikken er ein remiks av Hva gjorde du med ditt liv, Tommy, ein versjon der Gaute Tønder har lagt herleg svulstige strykarar oppå den versjonen som er på lista. Sist i episode 3 syng Bengt Ahlfors Skall vi göra en mänska i kväll?, og den finn eg korkje på spotify, wimp eller youtube(!)
Eg har valt å ikkje ta med originalversjonar av dei songane særleg Line Rotevatn øver på og framfører, men Pols fra Nord-Østerdal (i serien framført av Korak) låg føre i same innspeling, så den er med. Eg har att nokre få episodar, så det KAN tenkjast at lista blir lenger.

onsdag 11. mars 2015
Den kunnskapsrike forteljaren.
Subjektet og verda i Hver morgen kryper jeg opp fra havet og Den beste hausten er etter monsun
Merknad: Denne
posten er, som eit par andre postar på denne bloggen, stoff eg har
levert inn som del av studium. Teksten under er artikkelen på 3000
ord eg leverte som individuell heimeeksamen i emnet Moderne
skandinavisk litteratur i løpet av tredjeåret på
bibliotekarutdanninga. Medan eg skreiv kjente eg det som at eg hadde
valt ei for omfattande oppgåve, og at omfanget ikkje tillet mange og
lange nok analysar. Det kjentest rett og slett som eit særemne på
vidaregåande. Likevel, karakteren vart ein B, som er godt nok for
offentleggjering på bloggen. Ingenting er lagt til eller trekt frå,
forresten. Eg har i ettertid funne to pinlege korrekturfeil.
Devise
- Växla mellan långa og korta satser!
- Blanda den rena, höga psalmsången med vardagens låga pratsamhet!
- Låt den filosofiska tanken här och var skymta bakom den alldagligt lunkande fabeln!
- Låt människorna tala ömsom flyktigt, nästan tankspritt, ömsom djupt och utförligt!
- Flytta ofta blicken mellan makrokosmos och mikrokosmos!
(Lindgren, 2005,
p198-199)
Innleiing
Devisen til denne
oppgåva har eg henta frå Torgny Lindgrens forvitnelege roman Dorés
bibel, der den namlause forteljaren minnest dei reglane diktaren
Erwin Strittmatter hadde sett opp «för sitt konstnärliga och
odödliga skapande». Det er ikkje oppgåvas mål å postulere at
Lindgren eller Strittmatter har hatt nokon direkte innverknad på dei
to romanane eg skal analysere, råda verkar såpass allment gode at
kven som helst kunne formulert dei. Når eg vel å opne med dei lell
er det fordi dei er klart formulerte og på same tid kan brukast som
sjekkliste for den som skal analysere litterære tekstar av ei viss
lengd. Som det vil framgå av dei neste avsnitta er eg særleg
interessert i det siste punktet og kva som kan utrettast av ein
forfattar som følgjer rådet.
Omfanget av oppgåva
legg føringar på kva eg kan unne meg plass til å ta for meg. Eg
skal ta for meg romanane Hver morgen kryper jeg opp fra havet
(Simonsen, 2013) og Den beste hausten er etter monsun (Karlsvik,
2014). Båe er fortalte i førsteperson, og det er på eit vis nett
førstepersonen eg er interessert i. Spesifikt er det måten
førstepersonen uttrykker seg på som interesserer meg i denne
analysen. Refererer dei ytre hendingar eller går det meste av
teksten føre seg inne i hovudet på subjektet? I sistnemnte fall,
kva tenkjer dei på? Hentar dei innsikter om sine eigne liv i relativ
nærleik til seg sjøl, eller har dei meir omfattande horisontar?
Ei lita
omgrepsavklaring: Når eg i det følgjande stundom seier «subjekt»
meiner eg berre i liten grad å skrive ei psykologisk avhandling. Eg
skriv ein analyse meir enn ei tolking, og forstår omgrepet subjekt
nærmast fullstendig grammatikalsk: Subjektet er den som utfører
handlinga i ei forteljande setning. Med det in mente går eg over til
sekundærlitteraturen.
Forteljeposisjonen
I Episke strukturer
(Aarseth, 1979) gjer Asbjørn Aarseth greie for mellom anna
forteljeposisjon og avstand mellom forfattaren og det hen skriv om.
Han slår fast alt på side 34 at det er «naturlig å understreke
fortellerperspektivet som et aspekt av vesentlig interesse ved
analysen av ethvert episk verk» fordi «karakteren av fortellerens
utsikt til og innsikt i de begivenhetene og personene som omtales i
fortellingen, vil åpenbart ha avgjørende innflytelse på leserens
opplevelse av den viten han blir delaktig i». Vidare lister Aarseth
opp dei moglege posisjonane forteljaren kan ha. Romanane vi skal sjå
nærare på her fell inn i gruppe 4: Fortelleren er fortellingens
hovedperson, har ingen større adgang til de andre personers indre
(..) Forteljaren treng sjølsagt ikkje vere påliteleg, og det er
fristande å liste opp døme på ein forteljar som er upåliteleg
fordi han er dummare enn lesaren: Sherlock Holmes' sidekick Dr Watson
hos Conan Doyle, amatørdetektiven og krimforfattaren Kjell Nilsen i
Knut Nærums detektivforteljingar (dømesvis De dødes båt, (Nærum,
2008)) og levemannen Bertram Wooster hos PG Wodehouse.
Aarseth underslår
ikkje at skjemaet hans ikkje i seg sjøl er eit verktøy som er
kvasst nok til åleine å utføre nokon uttømmande analyse av
forteljeposisjonen. Eg har antyda at subjektets intellektuelle
kapasitet er aktuelt å ta med, vidare er avstand mellom forteljingas
hendingar og refereringa av dei noko å ta med seg. Er den
intellektuelle sida ved subjektet interessant er sjølsagt også den
emosjonelle sida det, for ikkje å snakke om balansen mellom dei. Ein
førsteperson krev forsåvidt ikkje ein andreperson, men båe
romanane denne oppgåva handlar om har det, og eg vil ta med båe
desse i analysane.
Romanane
For både Den beste
hausten er etter monsun og Hver morgen kryper jeg opp fra havet gjeld
det at den ytre handlinga ikkje tek så veldig stor plass (eg vaktar
meg vel for å seie at ho ikkje er viktig). Romanane bruker meir
energi på det som går føre seg inni dei tre subjekta, kanskje
særleg hos Simonsen er hendingane nærmast knaggar å henge
refleksjonane på. Nett difor er dei óg veleigna utgangspunkt for
analysen óg.
Den kunnskapsrike forteljaren
Det som er slåande
med båe romanane er at subjektet i så stor grad har og demonstrerer
kunnskap. Denne kunnskapen brukar dei til forskjellige ting, det vil
seie at forfattarane brukar kunnskapane på ulike måtar. Det dreiar
seg ikkje om research-romanar á la dei medisinske thrillerane
(dømesvis Sudden Death, (Holt & Holt, 2014)) Anne Holt skriv i
samarbeid med broren Even (som har medisinsk ekspertise), men snarare
om romanar der
Hver morgen kryper jeg opp fra havet
Førstepersonssubjektet
er ei ung kvinne som studerer biologi. Ho kjenner seg einsam, men
møter ein ung mann på ein fest. Etter litt nøling frå hennar side
innleier dei to eit kjærleiksforhold. Han bryt det av, og ho går
gjennom kjærleikssorg. Når sommaren og eksamen kjem er ho over det
att.
Berre desse tre
linene med handlingsreferat er resultat av ei tolking av boka. Ho er
rettnok ikkje lang, berre eit fåtal av kapitla er på over ei side.
Forteljaren presenterer seg aldri som «ung kvinne som studerer
biologi», og til og med kjensla av einsemd er noko vi må lese
mellom linjene.
Det som gjer at nett
denne romanen skil seg ut er sjølsagt måten han er fortalt på. Det
at førstepersonssubjektet les til eksamen gjev henne eit spesielt
perspektiv. Fleire av avsnitta i boka startar med ei utlegning av eit
eller anna naturfagleg fenomen før siste setning er ein refleksjon
over noko som skjer eller nett har skjedd i kjærleikslivet hennar.
Ein kan nesten tenkje seg å stille følgjande spørsmål: Er ho ein
låk student fordi pugginga hennar stadig blir avbroten av
dagleglivet, eller er ho ein god student fordi ho greier å relatere
alt som skjer med henne til pensum?
Dei to første
avsnitta viser iallfall at ho studerer biologi eller iallfall er
kunnskapsrik om emnet ved at ho i det første presenterer ein
ultrakort gjennomgang av livets utvikling (frå eincella vesen og
oppover til kaffidrikkande person) og samanliknar livets oppstode med
hennar eigen oppvakningsprosess, i det andre forstår ho både egget
og fostervatnet der individuelle liv oppstår som berbare hav,
småversjonar av det havet livet per se ein gong oppstod i.
Det tredje avsnittet
(grunnen til at eg ikkje seier kapittel er at avsnitt kjennest
rettare, det finst ingen overskrifter eller nummerering av avsnitta,
dei tek berre til på ny side alle saman) er såpass kort og såpass
innhaldsrikt at eg skal sitere det in extenso før analysen:
Fordi du kyssa meg og spurte: Er du med? Fordi du bodde rett over gata fra festen. Det var praktisk. Fordi noen har det verre. Minst fem av pinnedyrartene formerer seg ved selvkloning. Det vil si at alle er helt identiske, det vil si at de ikke har hatt sex på over en million år. Noen har det verre.
Her er det fleire
spørsmål som melder seg. Kvifor startar tre av setningane med
«fordi»? Kven er «du»? Kva har pinnedyr med saka å gjere? For å
ta dei i same rekkefølgje: Adverbet Fordi gjer at heile avsnittet
kan lesast som eit svar på eit konkret spørsmål, og andrepersonen
Du (som berre opptrer i subjektsform, forresten) er den det er
naturleg å rekne med har stilt spørsmålet. Kva dette spørsmålet
er er sjølsagt ope for tolking, mitt forslag er «kvifor låg du med
meg?», eller, fordi eg har lese resten av boka, «kvifor låg du med
meg når du ikkje vil at vi skal vere kjærastar». Desse forslaga
passar iallfall godt som spørsmål til dei to første førekomstane
av «fordi». «Fordi noen har det verre» verkar å vere svar på
eit oppfølgingsspørsmål, kanhende «Kvifor kan vi ikkje innleie
eit seksuelt forhold?» eller kanskje snarare «kvifor skal vi nekte
oss sjøl å innleie eit seksuelt forhold?». Her avslører svaret
meir. Detaljkunnskapen om biologiske tilhøve som personlegheitsdrag
ved forteljaren blir utbygd og forsterka, det same blir evna til å
relatere denne kunnskapen til eige liv. At det er ille å ikkje ha
hatt sex på ein million år avslører eit behov for nærleik så vel
som ein mørk, nerdete humor.
Men kven er «Du»?
Det openberre synest å vere at det dreiar seg om han som ikkje vil
ha lagnaden som one night stand. Det er likevel uklart om forteljaren
refererer ein episode/dialog for lesaren eller faktisk vender seg til
denne mannen, anten i brevs form i dette avsnittet eller om heile
boka er å forstå som eit brev til ein som knuste hjartet hennar,
skrive etter at dette hjartet har blitt lækt. Det er ikkje fleire
haldepunkt for å forstå romanen som brevsamling enn som
pseudodagbok, og denne ambivalensen meiner eg er tilsikta.
Den beste hausten er etter monsun
Mette Karlsviks
roman har ein del strukturelle likskaper med Frøydis Sollid Simonsen
si. Båe er stutte, utan kapitteltitlar og -nummerering. Skilnader er
det likevel. Den beste hausten er etter monsun er delt inn i to delar
med kvar sin førstepersonforteljar: Jagarpiloten Venor står i
sentrum for første del, Sierra Indigo, medan det er tebonden Pasi
som fortel del to, Tigerte.
Her skal vi altså
ha to handlingsreferat:
Jagarpiloten Venor
(kvinneleg, norsk) er på veg til NATO-oppdrag i Sikkimsdalen i
Himalaya. Ho kommuniserer med flygeleiaren Srdjan. Vel framme på
basen er ho utolmodig etter å komme ut på oppdrag, og på ei
rekognoseringsflyging opplever ho og Srdjan ei tillitskrise. Dei to
kjem likevel nærmare kvarandre, tek joggeturar utanfor leiren og
endar med å ta julepermen som ferietur i området. Til sist i denne
delen møter dei ein lokal tebonde og kona hans.
Tebonden Pasi og
kona Anousjka driv ein liten teplantasje høgt oppe i Himalaya.
Produksjonen er ikkje stor, men teen er eksklusiv og blir distribuert
av bonden sjøl. Altså følgjer vi han av og til til byen, og han og
kona møter to NATO-soldatar etter vegen. Dei går frå å leige
tenestene til ein birøktar til å skaffe seg sine eigne insekt.
Som den namnlause
førstepersonen hos Simonsen presenterer korkje Venor eller Pasi seg.
Ingen stader står det «Eg er ein kvinneleg jagarpilot i trettiåra,
på veg til eit NATO-oppdrag der eg moglegvis skal finne kjærleiken»
eller «Eg er tebonde, heiter Pasi og har ei ukrainsk kone som eg
driv teplantasje i lag med». Når det gjeld Venor kjem det forsåvidt
tydeleg fram at ho er pilot i ei F16-maskin, men kva kjøn ho har
blir ikkje tydeleg før det blir nemnt på side 25.
Venor
Venor er heller
ingen student som puggar til eksamen. Henner store kunnskap bur i
henne før romanen tek til, og ho brukar han konkret heile tida,
motsett ho som altså skal utgyte fakta for å nå vidare på den
akademiske stigen. Likevel er ein viktig del av jobben hennar å
rekognosere, altså innhente ny detaljkunnskap til den militære
leiinga. Eit avsnitt kan innehalde fakta om landegrenser mellom
India, Tibet og Kina, eit anna om samansetninga av flybensinen, eit
tredje om glaset rundt cockpit. Likevel er det påfallande at Venor i
så stor grad kjenner seg sjøl og deler kunnskapen om seg med
lesarane. Avsnittet som tek til på side 41 handlar om landinga etter
det nær katastrofale tillitsbrottet mellom henne og flygeleiaren og
startar slik:
Hjula treffer asfalten, flyet finn balanse. Kroppen kjennest kald og klam. Kvifor no, då eg skulle vere glad og letta? Eg liker meg dårleg og har kjensla frå flygarskulen. Den same letten av å lande trygt. Men også den same frykta, den for alt som eg kan ha gjort gale. Gnagande, ustoppeleg frykt for refsen og avvisinga. Var vekke, den kjensla, i fleire år. Her er ho igjen. Ho er som ho var ti år attende. Men eg er annleis. Eg har lært sidan då.
Både den namnlause
førstepersonen hos Simonsen og jagarpiloten her er i stand til å
kople abstrakt kunnskap til sitt eige liv og sin eigen situasjon, men
eg meiner å finne ein viss skilnad mellom dei i måten dei brukar
fakta til å definere seg sjøl på. Venor deler kunnskap om seg sjøl
og om tilhøve som har direkte innverknad på kva ho held på med. I
tillegg til den militære kunnskapsinnhentinga får vi vite at ho óg
har sytt for å gjere seg kjent med sed og skikk hjå den sivile
folkesetnaden i den delen av verda ho er sett til å patruljere.
Dersom ein kan seie at namnløysingen i Hver morgen stiger jeg opp
fra havet brukar biologipensum til å hente metaforar for sitt eige
liv, kan ein kanhende seie at faktaopplysningane står metonymisk i
høve til Venor, tinga ho har kunnskap om har konkret samband med
henne gjennom kontakt eller synsfelt. Ho er sjølsagt i stand til å
reflektere, mellom anna føresteller ho seg ei verd der det er
Nord-Korea eller Russland som sit med definisjonsmakta istf USA, men
hovudinntrykket er likevel at kunnskapsdelinga er kroppsnær,
sensuell og konkret. Forlagets baksidetekst hevdar at «med vid
utsikt frå cockpiten reflekterer jagarpiloten Venor over si rolle i
storpolitikken», men ei lesing av boka kan knapt føre til anna
innsikt enn at dette er ei overdriving. Det er rettare å seie at
forfattaren brukar Venors vide utsikt, Pasis djupe kunnskap og
daglegliva til båe til å reflektere over (baksideteksten igjen)
«politiske, økologiske og militære» tilhøve og deira innverknad
på dette dagleglivet.
Pasi
Pasi liknar på
Venor i somme stykke, og på namnlausingen i anna. Jamvel han har ein
praktisk kunnskap, og jamvel i hans del av boka kan avsnitta handle
om så prosaiske ting som pH-verdien i jordsmonnet, nedbrytinga av
komplekse molekyl og ikkje minst korleis alt dette verkar inn på
tebuskane. Motsett Venor har Pasi ein andreperson knytt til seg. Det
er ikkje tale om kona, men snarare om ein adressat i Europa, gruppa
av tedrikkarar som kjøper dei eksklusive varane hans i
nisjebutikkar. Vi kan sjå på eit avsnitt (side 122) der Pasi på
kombinerer namnløysingens detaljkunnskap med Venors hang til å
knytte kunnskapen til kroppen:
Eg held meg vaken av theanin, teobromin, litt koffein. Kjem heim etter leggetid og vaknar av at Anushka dekker på i kjøkkenet. Eg vaknar av blikket til Anushka. Ho har så kvit augekvite i dag, og vide auge. (...) Det er klart at det hastar med å hauste te. Men teen er som oss. Han har det også best om han kviler godt.
I forlenginga av
kommentaren om baksideteksten i førre avsnitt har eg hug til å
nemne ein ting til som viser avstand mellom forfattar og forteljar.
Venor er truleg vestlending, og dermed kan ho godt vere nynorsking.
Romanens språk er altså (kanskje) hennar språk, men det er likevel
Pasis del av boka som skapar inntrykk av ein forteljar som er heime i
språket. Det er nokre påfallande tilfelle av utstrekt alliterering,
her er eitt presentert med litt kontekst: (s 130): Skodde viskar ut
natt og dag. Dal, berg, bygg byrjar som beige. Som dagen blir til,
blir også fargane til.
Avslutning – mikro- og makroperspektiv
Som eg nemnte i
innleiinga, har eg i denne oppgåva vore interessert i kva to
forfattarar kan oppnå ved å veksle (ofte) mellom makro- og
mikroperspektivet. Båe romanane eg har sett på gjer nett det i om
lag like stor grad, men dei gjer kvar sine ting. Hver morgen kryper
jeg opp fra havet er innom så ulike stader som solas indre,
tomrommet i universet, dusjkabinettet og biblioteket. Både livets
opphav og verdas ende er omtalte, og der sola kanskje er det største
objektet som blir omtalt, er dei minste nede på molekylnivå. Det
alt dette gjer er å nærmast gøyme ei lita forteljing om eit
kortvarig kjærleiksforhald. Både makro- og mikroperspektiva i denne
romanen er ekstreme, og det gjer at den namnlause hovudpersonen
verkar trygt plassert. Ho er medviten om både kor lita ho er i den
(kjempe-)store samanhangen, men óg om at ho er omdreiingspunktet i
si eiga forteljing. Ved å ha eit makroperspektiv at det mest blir
abstrakt blir romanen overraskande intim.
I Den beste hausten
er etter monsun er bandet mellom subjektet og detaljkunnskapen
tydelegare. Det er færre oppramsingar av fakta og meir open
kommunikasjon om sjølvet, men samla sett er likevel romanen om Venor
og Pasi meir av ein refleksjon over korleis større forhald påverkar
liva våre. Ved å vere meir intim blir denne romanen overraskande
generell.
Litteratur
- Aarseth, A. (1979). Episke strukturer: innføring i anvendt fortellingsteori (2. utg.). Universitetsforl.
- Holt, A., & Holt, E. (2014). Sudden death. Bergen: Vigmostad Bjørke.
- Karlsvik, M. (2014). Den beste hausten er etter monsun : roman. Oslo: Samlaget.
- Lindgren, T. (2005). Dorés bibel (1st ed.). Stockholm: Norstedts förlag.
- Nærum, K. (2008). De dødes båt : kriminalroman. [Oslo]: Cappelen Damm.
- Simonsen, F. S. (2013). Hver morgen kryper jeg opp fra havet. [Oslo]: Gyldendal.
fredag 6. februar 2015
Batcats, mega-snakes and black spiders
Suksessen med cure-spelelista (suksess = var gøy å lage. Aner ikkje om nokon har sett posten) gav meg hug til å lage ei til. Noko med å tvinge meg sjøl til å skrive om musikken eg er glad i og sånn sett utvikle eit vokabular for å snakke om musikk (er det nokon veg utanom å lære seg å spele, tru?). Væffal er Mogwai eit anna favorittband og eit som har ein god del låter med dyr i tittelen.
Tapeloops med tale og messing på framandt språk går over i sprøtt piano og nokre få andre element. Denne opnar side 3 på LPen og er fort gjort å forstå som ein intro til Ex-Cowboy.
Instrumentalbandet Mogwai har i nokre få høve skrive songar med tekst og alt, men i mange høve har dei valt å gjere orda uforståelege for størsteparten av publikum. Kva syng kven her? Ikkje godt å seie, men det høyrest melankolsk ut.
Kan vi seie at Mogwai har hjarte for dyra? Eit instrumentalband leivnar ikkje mange lyriske hint, men det er freistande å vise til musikkvideoen til opningslåta på denne skiva, Hunted by a Freak. Denne vesle, naivistiske animasjonsfilmen viser ein drittunge som kjøper små dyr i ein dyrebutikk og slepp dei ut frå eit høgt tak. Tølperen er ein amoralsk liten jævel som ikkje blir straffa av forteljaren, men filmen develer ved dyra som er på veg ned og let publikum projisere sin eigen redsle, dødsangst og weltschmerz. Forteksten som fortel om kor mange dyr som vart skadde og drepne under innspelinga ymtar vel meir om at bandet har ein sjuk sans for humor.
Ratts of the Capital er ei av dei lange og gode låtene der Mogwai verkeleg får gjort mykje med den dynamikken dei er så kjente for iallfall. Eit enkelt gitartema utviklar seg til eit klart definert riff, fleire instrument kjem til og spelinga aukar i itensitet, minkar, aukar og så til slutt er vi tilbake til nesten berre den vesle gitaren att.
Her må eg berre seie at eg føretrekkjer denne liveversjonen frå ICA framfor albumversjonen, spor to på Mr. Beast. I denne låta elskar eg både det beinharde riffet, samspelet mellom trommer og bass, korleis den massive lydveggen likevel tillet ein spinkel gitar i føregrunnen og alt det der. Søtt av bandet å tileigne låta til Albert Hofmann, oppfinnaren av LSD. Liveopptaket vart gjort på hundreårsdagen hans, 11 januar 2006.
Køntrisang er det vel ikkje, men lell. Den sterkt manipulerte vokalen ligg der i bakgrunnen av den pianodrivne saka som held seg relativt lågmælt heile tida. Som på Dial: Revenge frå Rock Action hyrer Mogwai her inn ein gjestevokalist som syng på sitt eige språk.
Når Mogwai har blitt bedne om å lage musikk til levande bilete, har førespurnaden komme frå Frankrike. Første gong dei gjorde eit slikt prosjekt var med Philippe Pareno og Douglas Gordons filmprosjekt Zidane, un portrait du 21e siècle. I denne filmen følgjer kamera kroppen til Zizou gjennom heile den tida han er med i kampen, frå start til han blir utvist eit kvarters tid før slutt.
Plata både startar og sluttar med Black Spider, for sikkerheit skuld heiter den siste versjonen Black Spider 2. Det kan verke som det er den andre versjonen som er den minst bearbeidde låta, iallfall på idestadiet. Ein ting er lydbiletet, ein annan at det verkar som om det er færre, men meir gjennomarbeidde element med i den versjonen som ikkje har noko siffer i tittelen. Det er elles ikkje det same å oppleve desse to låtene spelte rett etter kvarandre (som her) som å høyre dei med nesten eit heilt dobbeltalbum mellom seg.
Det startar med ominøs romling og held fram med høg intensitet og det er vanskeleg for Spotify å yte denne noka form for rettferd. Batcat krev høgt volum. Her er parti der romlinga er tilbake, parti med call and response mellom bandet og sologitaren. Ikkje minst læst låta som ho er slutt før ho kjem tilbake med eit smell og eit nytt fokus. Eg kjem ikkje på så veldig mange Mogwailåter eg kan seie er betre enn denne.
Song! Med munnspel! Og strykarar! Når Stuart Braithwaite syng på engelsk utan iøyrefallande spesialeffektar på vokalen er det lett å tenkje at det han syng må vere viktig, men når eg høyrer på denne stille låta som er fullstendig dominert av piano og akustisk gitar får eg heller inntrykk av at songen er noko som er med fordi lyden av ei stemme var det låta trong for å bli nokolunde ferdigkomponert.
Eg for min del høyrte på denne LPen eit års tid før eg endeleg fekk sett serien. Væffal er Mogwai veldig gode til å lage filmmusikk. Her har dei gått for illevarslande snarare enn direkte nifs, iallfall er det slik når du høyrer plata. Saman med dei levande bileta og den fascinerande forteljinga blir det creepy som berre faen. Jaguar er meir av ein cue, medan Eagle Tax er ei fullt utbygd Mogwailåt som fint kunne passa utanfor serieuniverset.
1: Oh! How the Dogs Stack up (Come On Die Young)
Tapeloops med tale og messing på framandt språk går over i sprøtt piano og nokre få andre element. Denne opnar side 3 på LPen og er fort gjort å forstå som ein intro til Ex-Cowboy.
2: Killing All the Flies (Happy Songs for Happy People)
Instrumentalbandet Mogwai har i nokre få høve skrive songar med tekst og alt, men i mange høve har dei valt å gjere orda uforståelege for størsteparten av publikum. Kva syng kven her? Ikkje godt å seie, men det høyrest melankolsk ut.
3: Ratts of the Capital (Happy Songs for Happy People)
Kan vi seie at Mogwai har hjarte for dyra? Eit instrumentalband leivnar ikkje mange lyriske hint, men det er freistande å vise til musikkvideoen til opningslåta på denne skiva, Hunted by a Freak. Denne vesle, naivistiske animasjonsfilmen viser ein drittunge som kjøper små dyr i ein dyrebutikk og slepp dei ut frå eit høgt tak. Tølperen er ein amoralsk liten jævel som ikkje blir straffa av forteljaren, men filmen develer ved dyra som er på veg ned og let publikum projisere sin eigen redsle, dødsangst og weltschmerz. Forteksten som fortel om kor mange dyr som vart skadde og drepne under innspelinga ymtar vel meir om at bandet har ein sjuk sans for humor.
Ratts of the Capital er ei av dei lange og gode låtene der Mogwai verkeleg får gjort mykje med den dynamikken dei er så kjente for iallfall. Eit enkelt gitartema utviklar seg til eit klart definert riff, fleire instrument kjem til og spelinga aukar i itensitet, minkar, aukar og så til slutt er vi tilbake til nesten berre den vesle gitaren att.
4: Glasgow Mega-Snake (Live frå ICA)
Her må eg berre seie at eg føretrekkjer denne liveversjonen frå ICA framfor albumversjonen, spor to på Mr. Beast. I denne låta elskar eg både det beinharde riffet, samspelet mellom trommer og bass, korleis den massive lydveggen likevel tillet ein spinkel gitar i føregrunnen og alt det der. Søtt av bandet å tileigne låta til Albert Hofmann, oppfinnaren av LSD. Liveopptaket vart gjort på hundreårsdagen hans, 11 januar 2006.
5: I Chose Horses (Mr Beast)
Køntrisang er det vel ikkje, men lell. Den sterkt manipulerte vokalen ligg der i bakgrunnen av den pianodrivne saka som held seg relativt lågmælt heile tida. Som på Dial: Revenge frå Rock Action hyrer Mogwai her inn ein gjestevokalist som syng på sitt eige språk.
6 og 7: Black Spider (Zidane, a 21st Century Portrait)
Når Mogwai har blitt bedne om å lage musikk til levande bilete, har førespurnaden komme frå Frankrike. Første gong dei gjorde eit slikt prosjekt var med Philippe Pareno og Douglas Gordons filmprosjekt Zidane, un portrait du 21e siècle. I denne filmen følgjer kamera kroppen til Zizou gjennom heile den tida han er med i kampen, frå start til han blir utvist eit kvarters tid før slutt.
Plata både startar og sluttar med Black Spider, for sikkerheit skuld heiter den siste versjonen Black Spider 2. Det kan verke som det er den andre versjonen som er den minst bearbeidde låta, iallfall på idestadiet. Ein ting er lydbiletet, ein annan at det verkar som om det er færre, men meir gjennomarbeidde element med i den versjonen som ikkje har noko siffer i tittelen. Det er elles ikkje det same å oppleve desse to låtene spelte rett etter kvarandre (som her) som å høyre dei med nesten eit heilt dobbeltalbum mellom seg.
8: Batcat (The Hawk is Howling)
Det startar med ominøs romling og held fram med høg intensitet og det er vanskeleg for Spotify å yte denne noka form for rettferd. Batcat krev høgt volum. Her er parti der romlinga er tilbake, parti med call and response mellom bandet og sologitaren. Ikkje minst læst låta som ho er slutt før ho kjem tilbake med eit smell og eit nytt fokus. Eg kjem ikkje på så veldig mange Mogwailåter eg kan seie er betre enn denne.
9: How to be a Werewolf (Hardcore Will Never Die, But You Will evt A Wrenched Virile Lore)
Kryptozoologien er visst ugrei å få med, ettersom Hardcore Will Never Die, But You Will ikkje er på Spotify. Det er så vidt eg kan sjå ikkje remiksutgåva A Wrenched Virile Lore heller. Så korkje originalen eller Xander Harris-mixen får vere med på denne lista.10: Hound of Winter (Earth Division EP)
Song! Med munnspel! Og strykarar! Når Stuart Braithwaite syng på engelsk utan iøyrefallande spesialeffektar på vokalen er det lett å tenkje at det han syng må vere viktig, men når eg høyrer på denne stille låta som er fullstendig dominert av piano og akustisk gitar får eg heller inntrykk av at songen er noko som er med fordi lyden av ei stemme var det låta trong for å bli nokolunde ferdigkomponert.
11: Jaguar (Les revenants OST)
Eg for min del høyrte på denne LPen eit års tid før eg endeleg fekk sett serien. Væffal er Mogwai veldig gode til å lage filmmusikk. Her har dei gått for illevarslande snarare enn direkte nifs, iallfall er det slik når du høyrer plata. Saman med dei levande bileta og den fascinerande forteljinga blir det creepy som berre faen. Jaguar er meir av ein cue, medan Eagle Tax er ei fullt utbygd Mogwailåt som fint kunne passa utanfor serieuniverset.
12: Eagle Tax (Les Revenants OST)
Og her er heile lista i ein smell:
Abonner på:
Innlegg (Atom)