Endeleg tjue bøker til!
- Sju av desse er lydbøker, tre på engelsk. Ein er omsett, frå svensk(!)
- To er teikneseriar, den eine er ein grafisk roman, den andre er memoar og omsett (frå fransk)
- Av dei atten ikkje-grafiske er sju sakprosa, av dei tolv skjønnlitterære er ein novellesyklus(!), sju ungdomsromanar og to vaksenromanar.
- Åtte er lydbøker, to av desse er sakprosa
- Elleve har eg lånt på eit skule- eller folkebibliotek, seks av desse er lesne på mobil eller nettbrett.
- Sakprosaen er med eitt unnatak lesen på originalspråket, eg er ikkje god nok i fransk til å ta til meg kampskrift frå like før revolusjonen.
- Tolv kvinner har (vore med på å) skrive ni av bøkene, tolv av bøkene er heilt eller delvis skrivne av tretten menn.
- To er skrivne på 1700-talet, ein på 1900-talet, dei øvrige er splittar nye (frå etter 2000)
Eg har jo halde på med desse bokoppdateringane ei stund, men det var ikkje før eg las bikkjelista for april 2016 at eg fann denne tweeten av @michelfosho. Var eg på utkikk etter devise for bloggen? Kanskje ikkje, men om så var er dette ein god mætsj.
Det tek til å bli mange år sidan eg vart utsett for
Alltid fleire dagar medan eg gjekk på Katta, og sidan dess har eg i grunnen halde Ragnar Hovland nokså høgt. Ikkje så høgt at eg har lese absolutt alt, og heller ikkje så høgt at eg ikkje er i stand til å sjå at kvaliteten på bøkene hans er nokså variabel. Ungdomsbøkene har eg til dømes i liten grad teke sjansen på å lese. Men no fann eg
Ein motorsykkel i natta som lydbok, lesen av forfattaren sjøl, så då vart det endeleg. (Er du ikkje glad du spurte?) No har eg lese ein del ungdomsbøker dei siste åra, og kan vel trygt seie at Ein motorsykkel i natta skil seg ut frå mykje av det andre. Ikkje for det, som andre ungdomsbøker handlar denne om eit ungt menneske som skal finne ut kven hen er og lausrive seg frå barndommen, men Hovland fortel på ein meir abstrakt måte enn det som er fasjonabelt no. Han legg seg mellom anna nært opp mot Rotløs ungdom, og gir i det heile inntrykk av å formidle eit ungdomsbilde som liknar meir på minnet om femtitalets filmar om ungdom enn noko særleg anna. Boka handlar om ein heller abstrakt ungdom, og romanhelten har heller abstrakte opplevingar. Moro at boka i somt legg vinn på å likne Huck Finn, då.
Gjennom åra har eg lese det meste av Christopher Nielsen. Eg har både flirt og gråte av det eg har lese, og eg har blitt imponert over innsikta og grepet om det norske språket. Soleis hadde eg gledd meg til å lese
Bygdegutar. Vel låg eg litt etter skjema, men det kjentest litt ut som om realityfjernsynssettinga gjorde historia utdatert. Lell: Som før var det både moro og tankevekkande, og eg må seie at dei glorete fargane kledte historia godt. Var det undertonar av Blitz Tours der, tru?
|
Eg er gamal nok til å hugse at Christopher Nielsen og Lars Fiske og ein til fekk designe telekort |
No som det har gått litt tid, er eg neimen ikkje kar om å hugse kva som fekk meg til å skaffe
Americanah av Chimamanda Ngozi Adichie på lydbok. Det er lite truleg at det var det eg oppfatta som sjølsagtheitene i pamfletten
Vi burde alle være feminister (det burde vi jo) eg hadde lese tidlegare, iallfall. Viss eg skal vere snill med meg sjøl kan eg kanskje gå ut frå at eg var genuint interessert i røynsler som skil seg radikalt frå mine eigne. I så fall fekk eg absolutt det eg var ute etter. Folk seier om Americanah at det er ei kjærleikshistorie, og det er jo ikkje sånn sett feil. Likevel må eg seie at sjøl om eg ønskte at Obinze og Ifemelu skulle få kvarandre, var ikkje flørting og seksuell oppvakning det mest interessante. Greia er at dei to blir skilt frå kvarandre når dei forlet Nigeria, ho til USA og han med kvart til Storbritannia, og dermed blir det til at båe to individuelt tek del i kollektive røynsler. Ho blir plutseleg klar over kva det vil seie å høyre til ein minoritet basert på hudfarge - å vere svart amerikanar i USA skil seg frå å vere svart afrikanar i USA skil seg frå å vere svart (igbo) i Nigeria - medan han ikkje får visum, lever i skjul og blir til slutt sendt ut av landet i det han skal til å inngå pro forma ekteskap.
|
Kjipt cover, men det var det einaste eg fann i OK storleik |
Som sagt ligg mykje av appellen til denne romanen i koss kollektive erfaringar får personlege uttrykk. Ein annan ting som gav mykje, var opplesinga til Adjoa Andoh. Ho meistrar fleire engelskar (sjøl om dei fleste USAnarane verkar å vere frå lenger sør enn ein skulle tru var meininga), og greier med både dette og smart stemmebruk å halde greie på eit ganske stort persongalleri. Ein ting eg ikkje heilt har bestemt meg for om er ei svakheit eller ein styrke er det at eg stundom venta at romanen skulle dreie hardt babord og bli eit mordmysterium Ifemelu kunne løyse eller noko heilt anna. Anten er det eit teikn på at boka vekkar fantasien, eller så er ho så banal at lesaren reagerer med å ønske seg vekk. Eller det kan vere med vilje.
Tidlegare har eg skrive eit stykke om Cafe Vespa, den førre ungdomsromanen til Martina Gaux. Ho er ute med ny bok i år,
Jeg er ikke. Mykje av det eg likte ved Café Vespa er stadig med, kanskje særleg den skarpe dualiteten i hovudpersonen. Likevel er dette ei meir problemorientert bok, tematisk i slekt med
Jenta fra Mars og kanskje litt
Jenta i speilet.
Og når det no gjeld ungdomslitteratur: Det er ikkje berre Martina Gaux som har si eiga stemme, men det hender eg grip meg i å lure på kven det er som har invitert til ungdomsromankurs. Formel er kanskje eit for sterkt ord, men det verkar som det kanskje er litt meir enn mote som styrer dei ungdomsbøkene som kjem ut om dagen. Ein veldig hjelpsam forlagskonsulent kanskje? Viss det ikkje er fantasy er det ofte fiffige strukturar og paringar, kjennest det ut som.
Gudrun Skretting debuterer med
Anton og andre uhell, der Anton lappar ein gummislange når han får høyre frå (den deprimerte) aleinepappaen sin at han er resultat av eit hol i ein annan gummiartikkel, altså smart parallelisme. Anton sitt prosjekt er å bli "meininga" og finne kone til faren sin. I ei smart parallellhandling skal venninna hans hindre foreldra i å skiljast. Det er smart tenkt og bra gjennomført.
|
Håper første ikkje blir siste frå Ingrid Ovedie Volden |
På twitter heiter ho @vidunderfull, på bokomslaget Ingrid Ovedie Volden. Hennar debut som ungdomsbokforfattar er
Alt som teller, der Petra slit med gryande forelsking, ei venninne med ein bror på flukt og visse tvangstankar. Talet pi får henne til å kaste opp fordi det er så ubestemt (ho føretrekkjer partal). Ein ting eg likar ved boka, er at eg ikkje er så hypp på å fortelje meir fordi det kjennest like slemt å spoile karakterane som hendingane, sjamener? Det er ikkje berre det at eg ikkje vi bruke så mykje energi på handlingsreferat, det er det at eg unnar lesaren å bli kjent med Petra og det som skjer med henne/det ho gjer på eiga hand, og det kan like lite falle meg inn å fortelje kva offentleg instans Petra kjem i kontakt med som å avsløre at det var forteljaren som var mordaren i
Doktoren mister en pasient.
Ei ungdomsbok eg blei både positivt overraska og skuffa over var
Min grusomme hemmelighet av (debutanten, sjølsagt) Anders Lindqvist. Hovudpersonen her er Sigbjørn, ein pøbel som plutseleg blir interessert i lyrikk. Ein morgon stig han fram på ein våg han ikkje har visst om, og sjøl om augo hans opnar seg tek det litt tid før hjarta hans opnar seg, men så ser vi raskt koss dører opnar seg. På ein måte blei eg skuffa og positivt overraska over denne boka på same tid. Ideen verka lovleg teit sånn til å begynne med, og Sigbjørn dreg det lovleg langt, men så er ikkje gjennomføringa så forbanna verst likevel. Men eg er usikker på om det er Sigbjørns jamaldringar eller lærarane hans som vil ha mest moro av henne.
Etter eit hendingsforlaup eg ikkje er kar om å attgje, hamna
I Wear the Black Hat av Chuck Klosterman i lydbokhylla mi. Det var sikkert noko i retning av dagens tilbod hos Amazon eller sånn. Iallfall er Chuck Klosterman ein sånn (populær)kulturkommentator som er lett å lese i artikkelform på nettet. I bokform er han meir sånn heilt grei liksom, ikkje alle analysane er midt i blinken, men underhaldningsverdien er over middels. Hadde du trudd du skulle få høyre eit stykke om kvifor det gjekk gale med karriera til Andrew Dice Clay? Ikkje eg heller, men her er det eit. Den raude tråden i boka er skurkerolla, det bisarre ligg ikkje først og fremst i at sport er ein så sentral del av det utvida USAnske kulturomgrepet (Klosterman held seg med ein favorite sports owner), men i at Klosterman utan motstand let forteljingas logikk (som må vere det han brukar for å forstå verda som så tydeleg inndelt i heltar og skurkar) vere styrande for korleis han forstår heile verkelegheita. Som sagt finn eg dette bisart, og i den grad det var tankevekkande i tillegg vekte det tankar om koss det kan sjå ut inni huet på fyllekøyrar og skilaupar Petter Northug Jr og krinsen rundt han.
|
Julian Assange og Muhammad Ali og DB Cooper og Darth Vader og 2 Live Crew og... |
Det siste året eller så har eg hatt stor glede av lange førelesingsrekker i serien The Great Courses (dei er verdt dei 23 dollarane i månaden eg betaler for to credits hos Audible og vel så det). Etter innleiande runder med den franske revolusjonen har det gått i antikken i områda rundt Middelhavet, og det er ikkje fritt for at eg stundom har sakna eit vidare geografisk perspektiv. History of the Ancient World - A Global Perspective gjer nett det som står på pakken. Professor Gregory Aldrete brukar rettnok ganske mykje tid på Hellas, Makedonia og Rom, men han tek oss med til Indusdalen, India, Kina, Mellom-Amerika og endå nokre plassar. Sjøl med 48 halvtimar å gjere det på blir mykje gjennomgått med harelabb, men på den måten kan ein få ei oppsummering og kanskje til og med eit anna perspektiv på det ein kjenner, samstundes med at ein får ein guide til område å lære meir om. Særleg må eg seie eg hadde sansen for Aldretes gode bibliotekariske insistering på at det er meiningslaust å snakke om historie utan å snakke om geografi samstundes. Stundom blir det romerske perspektivet merkbart, det var mellom anna bra at Hadrian moste Dakia fullstendig, sidan det gjorde grensa rettare og Rom fekk masse gull ut av det. Kva Dakarane hadde å seie til saka? Njææ, vi får iallfall sjå korleis dei blei massakrerte om vi studerer
Trajansøyla. Likevel nøler eg ikkje med å tilrå dette globale perspektivet.
|
No er det mangt vi ikkje veit om Indusdal-sivilisasjonen, mellom anna kva dei kalte byane sine. Denne kallar vi Mohenjo Daro. By M.Imran CC SA 1.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=2560364 |
Stundom blir eg litt mistenksam når eg ser kor godt eg i snitt liker dei bøkene og skriv om her. Er eg ikkje i stand til å bli skuffa, liksom? Det er nesten, men berre nesten, eg blir letta når ei bok skuffar meg sånn som
Survivor gjorde. Det kan tenkjast at den andre Chuck Palahniuk-boka eg har lese alltid vil stille dei andre bøkene hans i skuggen, men å seie at Survivor ikkje var like god som Fight Club er å ikkje seie noko særleg om kor langhenta og scatterbrained førstnemnte er. Ein ser jo allegorien ganske tydeleg, og det store problemet til boka er kanskje nett at allegorien tek for stor plass til at ein roman kan finne seg til rettes mellom permane. Somme av ideane er gode, då.
Riad Sattouf er ein serieteiknar med fransk mor og syrisk far. Første band av den sjølbiografiske teikneserien hans er lett å finne på folkebiblioteket, berre spør etter
Fremtidens araber. Sattouf fortel om dei første åra av ein oppvekst som går føre seg litt i Frankrike, men meir i Libya og Syria. Stilen er klar og fin, og barnets perspektiv blir stundom korrigert av diskrete, forklarande innsmett. Likevel er det, iallfall etter berre eitt band, litt uklart kor dette går. Denne delen av verda på denne tida (då eg sjøl var barn, Sattouf og eg er nokolunde jamgamle) er noko ein gjerne skulle lære meir om, men om dette er ein god stad å starte er det vanskeleg å vite kor ein skal gå vidare.
Som det går fram av andre postar her, har eg gjennom ein del år lese ganske mykje om den franske revolusjonen. Likevel er det første gong eg les så å seie ei primærkjelde. Pamfletten
Hva er tredjestanden har eg soleis kjent ved namn i mange år, men det er først no han er omsett til norsk.
|
Teksten på den eine og det eine fotnotesettet på den andre. Dette skulle ikkje vere naudsynt, vel? |
Og dette vil eg ha meir av. Det kom vanvittige mengder pamflettar og andre trykksaker frå stenderforsamlinga vart kalt inn og under heile revolusjonen. Aviser, smedeskrift mot dei kongelege og mangt anna som både ga uttrykk for folkekjenslene og varma dei opp. Eit redigert utval av dette burde vel vere mogleg å få i stand?
Noko anna som burde vere mogleg å få i stand er ein fotnotefunksjonalitet i ebokbib. I utgangspunktet likar eg tanken om å skilje dei dåtidige og dei notidige fotnotene, men med to sett fotnoter og ein tekst som ikkje let meg navigere mellom dei på ein betre måte enn ved å bla krev nesten at eg har to, helst tre nettbrett/telefonar å lese på.
Jane Austen! Meinar å hugse at det var
Mansfield Park som var den Austenboka Thomas Piketty greip til å for å illustrere tilhøvet mellom kapitalinntekt og lønsinntekt (og hadde han bøffa dette trikset direkte frå Karl Marx?), og det gav iallfall ein ekstra dimensjon til lesinga av henne. Så vidt eg har forstått er ikkje Mansfield Park kjent for å vere Austens festlegaste, og det kan nok stemme. Likevel: Det at hovudpersonane som skal få kvarandre så til dei gradar held på konvensjonane (ulikt romanheltar det er lettare å bli glad i) kan kanskje bringe mønstera i forgrunnen. Viss ein ser bort frå den romantiske kjærleiken handlar boka først og fremst om kva det er ved samfunnet som gjer at den eller den paringa vil vere høveleg eller ikkje høveleg, og om kva som skal til for at Fanny og Edmund kan få kvarandre. Austen stiller typer opp mot ein annan, og i denne romanen kjem den analytiske tankegangen hennar fram ganske tydeleg.
|
Jane Austen ser omlag like tankefull og grinete ut på dette portrettet, teikna av systera Cassandra Austen. |
Novellesyklar høyrer ikkje til det eg les oftast, men her kjem ein omtale av ei. Olav Starheimsæter har skrive
Lystslott, ein syklus der alle novellene er knytte til sexformidlingsnettstaden lystslott.no(?). Å seie at novellene er erotiske vil vere å lyge, det er snarare slik at personane utforsker grenser for koss ein kan vere seksuell saman eller åleine lizm. Det er mange triste lagnader her, for å seie det sånn, og om det er ein del sex er mindre kåtheit og glede. Sjølhjelpsforfattaren mot slutten av boka har ikkje vore innom leksjon fire i bokmålskurset mitt, ho har nemleg "innfunnet seg med" eit eller anna. Ålreit bok.
Til sist to bøker eg ikkje orka å høyre ferdig. Både i Noreg og Sverige driv krimforfattarar og skriv ungdomsbøker på si. Eg har vore så uheldig å høyre nummer 5 i Åsa Larsson og Ingela Korsells serie Pax,
Gasten, og Tom Egelands andre ungdomssymbolkrim
Skatten fra Miklagard. Dei har kvar sine svakheiter, for å seie det sånn. Etter denne boka å dømme er JK Rowling meir av eit forbilde for Larsson og Korsell enn Maria Gripe er. Diverre går dei rett i tryllefella, magiske krefter blir berre ein lettvinn måte å komme seg ut av halvvriene situasjonar på. Dessutan tenåringsdrama og demonisk hierarkipirking. Når det gjeld Egeland, er boka hans så JÆVLA OMSTENDELEG at ingen kjem seg av flekken. Og det er ikkje berre eg som får midtskill. Unga mine er midt i og på veg inn i målgruppa, men dei orka heller ikkje meir enn eit par CDar med denne langhalmen.
Neste gong: Maigret! Poul Ørum! Jason! Kanskje Store-Klaus!